Torkell Tande
Torkell Tande | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. september 1901 |
Død |
8. februar 2001 (99 år) |
Yrke | politikar, prest |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Torkell Arnold Tande (11. september 1901–8. februar 2001) var ein norsk prest og politikar fødd i Nissedal. Han var sokneprest i Sannidal frå 1930 til 1970, dei siste sju åra også prost i Bamble prosti. Frå 1954 til -65 representerte han Venstre på Stortinget. Dagny Tande Lid var systera hans.
Prestesonen Tande vart sjølv prest. Han var elles ordførar i Sannidal frå 1937 til han i 1941 vart avsett av nazi-styret. I 1945 vart han på ny ordførar. Ved stortingsvalet 1945 vart han fyrste varamann for Venstre i Telemark, noko han var heilt fram til 1954. Då Neri Valen døydde i januar 1954, heilt i byrjinga av ein fireårsbolk, rykte Tande opp til fast stortingsplass. Gjennom to attval hadde han rom mellom stortingsrepresentantane til 1965. I 1960 var han elles medlem av Europarådet, fire år tidlegare tok han vervet som formann i En Verden-rørsla si stortingsgruppe.
Tande var formann i Sannidal historielag frå 1945 og i lang tid framover. I den eigenskap var han medredaktør til bygdebøkene for Sannidal og Skåtøy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok, X. bandet. 1966