Thessalía
Thessalía Θεσσαλία | |
---|---|
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Lárisa |
Periferieiningar: | Tríkala Kardítsa Lárisa Magnisía Sporadane |
Folketal: | 688 255 (2021[1]) |
Areal: | 14 037 km² |
Folketettleik: | 49 /km² |
Heimeside: | www.pthes.gov.gr |
Thessalía (gresk Θεσσαλία) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han fell i hovudsak saman med den tradisjonelle regionen med same namn. Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Tríkala, Lárisa, Kardítsa og Magnisía, og har Lárisa som hovudstad. I lag med områda Makedonia og Thráki vert området uoffisielt rekna som ein del av Nord-Hellas. Thessalía ligg sentralt i Hellas og grensar til Sentral-Makedonía og Vest-Makedonía i nord, Ípiros i vest og Sentral-Hellas i sør. I aust ligg Egearhavet.
Periferieiningar og kommunar
[endre | endre wikiteksten]Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Thessalía delt inn i fem periferieiningar som omfattar 25 kommunar.[2]
Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
---|---|---|
Tríkala | 122 081 | Metéora, Pýli, Tríkala, Farkadóna |
Kardítsa | 106 305 | Arjithéa, Mouzáki, Límni Plastíra, Kardítsa, Palamás, Sofádes |
Lárisa | 268 963 | Elassóna, Týrnavos, Témbi, Ajá, Lárisa, Kilelér, Fársala |
Magnisía | 177 448 | Rígas Feréos, Vólos, Zagorá-Mourési, Sør-Pílio, Almyrós |
Sporadane | 13 458 | Skiáthos, Skópelos, Alónnisos |
Kommune | Periferieining | Areal | Folketal | Hovudsete | |
---|---|---|---|---|---|
1 | Lárisa | Lárisa | 335,1 | 164 095 | Lárisa |
2 | Metéora | Tríkala | 1 650,2 | 19 274 | Kalambáka |
3 | Pýli | Tríkala | 747,7 | 12 852 | Pýli |
4 | Tríkala | Tríkala | 608,5 | 78 605 | Tríkala |
5 | Farkadóna | Tríkala | 370,2 | 11 350 | Farkadóna |
6 | Arjithéa | Kardítsa | 365,6 | 3 496 | Anthiró |
7 | Mouzáki | Kardítsa | 307,8 | 11 245 | Mouzáki |
8 | Límni Plastíra | Kardítsa | 195,2 | 5 234 | Morfovoúni |
9 | Kardítsa | Kardítsa | 647,6 | 55 979 | Kardítsa |
10 | Palamás | Kardítsa | 383,2 | 13 424 | Palamás |
11 | Sofádes | Kardítsa | 728,8 | 16 927 | Sofádes |
12 | Elassóna | Lárisa | 1 588,1 | 25 459 | Elassóna |
13 | Týrnavos | Lárisa | 516,3 | 22 280 | Týrnavos |
14 | Témbi | Lárisa | 577,0 | 12 007 | Makrykhóri |
15 | Ajá | Lárisa | 668,3 | 10 711 | Ajá |
16 | Kilelér | Lárisa | 975,3 | 18 070 | Níkea |
17 | Fársala | Lárisa | 736,0 | 16 341 | Fársala |
18 | Rígas Feréos | Magnisía | 549,8 | 8 870 | Velestíno |
19 | Vólos | Magnisía | 387,1 | 139 670 | Vólos |
20 | Zagorá-Mourési | Magnisía | 150,5 | 4 562 | Zagorá |
21 | Sør-Pílio | Magnisía | 369,4 | 8 274 | Argalastí |
22 | Almyrós | Magnisía | 473,9 | 16 072 | Almyrós |
23 | Skiáthos | Sporadane | 49,9 | 5 802 | Skiáthos |
24 | Skópelos | Sporadane | 96,2 | 4 518 | Skópelos |
25 | Alónnisos | Sporadane | 129,6 | 3 138 | Patitíri |
Periferi og periferieiningar
[endre | endre wikiteksten]Den tradisjonelle regionen fell i hovudsak saman med periferien Thessalía med desse periferieiningane:
Periferi | Hovudstad | Areal | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|---|
Totalt | Thessalía består av: |
Lárisa | 14 037 km² | 732 762 |
1 | Periferieininga Tríkala | Tríkala | 3 384 km² | 122 081 |
2 | Periferieininga Kardítsa | Kardítsa | 2 636 km² | 106 305 |
3 | Periferieininga Lárisa | Lárisa | 5 381 km² | 268 963 |
4 | Periferieininga Magnisía | Vólos | 2 351 km² | 177 448 |
5 | Periferieininga Sporadane | 275 km² | 13 458 | |
Totalt | Thessalía | 14 037 km² | 688 255 |
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Topografien i området består av ein ring av fjell rundt låglandet på Den thessaliske sletta. Området kan få noko regn om sommaren, noko som gjer frodige forhold for jordbruk. Thessalía vert av den grunn stundom kalla «brødkorga til Hellas». Fjella Khásia og Kamvoúnia ligg i nord, Ólymbosmassivet ligg i nordaust. I vest ligg fjellkjeda Píndos og i søraust kystfjella Óssa og Pílio.
Fleire sideelvar til Piniós renn gjennom området.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Thessalía hadde ein omfattande steinalderkultur rundt år 2500 fvt. Mykenske busetnadar har òg vorte oppdaga, til dømes ved Iolkos, Dimini og Sesklo (nær Vólos). I antikken vart låglandet i Thessalía heimstad for baronfamiliar, som Alevad av Larissa eller Skopad av Krannon. Desse familiane organiserte eit forbund i Thessalía, og kontrollerte seinare Det amfiktyoniske forbundet i Nord-Hellas.
Under dei gresk-persiske krigane slo alevadane seg saman med persarane. Jason av Ferae omforma ei kort stund området til ei viktig militærmakt, men han vart myrda før han klarte å oppnå varige gjerningar. På 300-talet fvt. vart Thessalía avhengig av Makedonia og vart ein vassal under dei. I 148 fvt. vart Thessalía ein del av Provinsen Makedonia i Romarriket, men i år 300 vart Thessalía ein eigen provins med Lárisa som hovudstad. Han vart ein del av Austromarriket fram til 1200-talet, då store området var kontrollert av vlakhar. Etter det fjerde krosstoget vart Thessalía ein del av Kongedømet Thessalonika, men i 1215 vart det igjen erobra av Theodore Komnenos Doukas og vart eit sjølvstyrt område styrt av denne familien. Dynastiet enda i 1318 og vart etterfølgd av ein periode med austromersk og slavsik herredøme. Etter enno ein periode med sjølvstende vart Thessalía til slutt erobra av Det osmanske riket i 1394. I 1881 avstod osmanarane det meste av Thessalía til Hellas.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferien er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Lárisa | Lárisa | 144 651 | 146 377 |
Vólos | Vólos | 86 046 | 85 803 |
Tríkala | Tríkala | 61 653 | 61 608 |
Kardítsa | Kardítsa | 38 554 | 38 999 |
Néa Ionía | Vólos | 32 661 | 30 688 |
Týrnavos | Týrnavos | 11 069 | 10 027 |
Fársala | Fársala | 9 298 | 8 978 |
Kalambáka | Metéora | 8 330 | 8 372 |
Jánnouli | Lárisa | 7 885 | 8 160 |
Almyrós | Almyrós | 7 955 | 7 244 |
Elassóna | Elassóna | 7 338 | 7 182 |
Sofádes | Sofádes | 5 556 | 5 747 |
Ambelónas | Týrnavos | 6 083 | 5 590 |
Agriá | Vólos | 5 191 | 4 928 |
Skiáthos | Skiáthos | 4 883 | 4 897 |
Palamás | Palamás | 5 745 | 4 770 |
Néa Ankhíalos | Vólos | 5 132 | 4 518 |
Fálanna | Lárisa | 3 987 | 3 823 |
Níkea | Kilelér | 3 876 | 3 332 |
Ajá | Ajá | 3 169 | 3 013 |
Skópelos | Skópelos | 3 090 | 2 942 |
Velestíno | Rígas Feréos | 3 044 | 2 922 |
Ikhalía | Farkadóna | 2 357 | 2 115 |
Livádi | Elassóna | 2 244 | 2 079 |
Evxinoúpoli | Almyrós | 2 281 | 2 076 |
Dimíni | Vólos | 2 261 | 1 979 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Thessaly frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]
Tradisjonelle regionar i Hellas | ||
---|---|---|
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta |