Thick as a Brick 2
Thick as a Brick 2 Studioalbum av Ian Anderson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. april 2012[1] | |
Innspelt | Mars 2011 til november 2011 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 53:45 | |
Selskap | Chrysalis/EMI Records 50999 6 38726 2 0 F2-38726 | |
Produsent | Ian Anderson | |
Ian Anderson-kronologi | ||
---|---|---|
Ian Anderson Plays the Orchestral Jethro Tull (2005) |
Thick as a Brick 2 | Homo Erraticus (2014)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
PopMatters | 5/10[1] |
Sputnik Music | 4.0/5[3] |
Thick as a Brick 2, forkorta TAAB 2 og med undertittelen Whatever Happened to Gerald Bostock?, er eit album av frontmannen i Jethro Tull Ian Anderson, gjeve ut i 2012 som ein oppfølgjar til Thick as a Brick, det kritikarroste konseptalbumet til Jethro Tull frå 1972. Albumet nådde 55. plass på Billboard-lista i USA.
I følgje Anderson fokuserer TAAB 2 på Gerald Bostock, ein fiktiv gut som vart omtalt som tekstforfattar på det originale albumet, førti år seinare. «Eg lurar på kvar den åtte år gamle Gerald Bostock gjer på i dag. Finst framleis den oppdikta avisa?»[4] Albumet presenterer fem forskjellige, hypotetiske livshistorier for Gerald Bostock, der han har vorte ein grådig finansmann, ein homoseksuell heimlaus mann, ein soldat i Afghanistan, ein skinnheilag evangelist, og ein heilt vanleg mann med barn og kone som driv ein butikk på hjørnet. Mot slutten av albumet ser alle dei fem historiene ut til å gli saman i same slutt i trist einsemd.[5] I mars 2012, for å følgje opp den oppdikta avisa (The St Cleve Chronicle and Linwell Advertiser) frå plateomslaget til den originale plata, vart det sett opp ei nettavis kalla StCleve: http://www.stcleve.com/.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet nådde 55. plass på den amerikanske albumlista og 13. plass på den tyske lista[6], 12. plass i Finland[7], 19. plass i Austerrike[8], 30. plass i Noreg[9], 31. plass i Sveits[10], 74. plass i Canada[11], at #35 on the UK charts [12], 76. plass i Nederland[13] og 99. plass i Spania[14].
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Den originale Thick as a Brick bestod av berre ein einaste lang song, delt inn i to spor, medan TAAB 2 er delt inn i 17 forskjellige songar fordelt på 13 spor (somme merka som medleyar).
Alle songar er skrivne av Ian Anderson.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «From a Pebble Thrown» | 3:05 |
2. | «Medley: Pebbles Instrumental / Might-Have-Beens» | 4:21 |
3. | «Medley: Upper Sixth Loan Shark / Banker Bets, Banker Wins» | 5:41 |
4. | «Swing It Far» | 3:28 |
5. | «Adrift and Dumbfounded» | 4:25 |
6. | «Old School Song» | 3:07 |
7. | «Wootton Bassett Town» | 3:44 |
8. | «Medley: Power and Spirit / Give Till It Hurts» | 3:11 |
9. | «Medley: Cosy Corner / Shunt and Shuffle» | 3:37 |
10. | «A Change of Horses» | 8:04 |
11. | «Confessional» | 3:09 |
12. | «Kismet in Suburbia» | 4:17 |
13. | «What-ifs, maibes and Might-Have-Beens» | 3:36 |
Total lengd: | 53:45 |
DVD
[endre | endre wikiteksten]Ein DVD vart òg annonsert med følgjande innhald:
- 5.1 kringlyd av heile albumet (miksa av Steven Wilson)
- Dokumentar om innspelinga av albumet (25 min.)
- Intervju med Ian Anderson om albumet
- Intervju med Steven Wilson
- Tekstopplesing (25 min.)
- Kunst
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Musikarar
- Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar
- David Goodier – bassgitar, klokkespel
- Scott Hammond – Trommer, perkusjon
- Florian Opahle – elektrisk gitar
- John O'Hara – Hammondorgel, piano, tangentinstrument
- Pete Judge – trompet, valthorn, tenorhorn, tuba
- Ryan O'Donnell – vokal
- Produksjon
- Steven Wilson – miksing
- Mike Downs – lydteknikar
- Peter Mew – mastering
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thick As a Brick 2» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Murphy, Sean (14. mai 2012). «Jethro Tull's Ian Anderson: Thick As a Brick 2 < PopMatters». popmatters.com. Henta 24. mai 2019.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «IAN ANDERSON Thick As A Brick 2: Whatever Happened To Gerald Bostock?». Allmusic.
- ↑ «Ian Anderson - Thick as a Brick 2 (album review )». Sputnikmusic. 22. oktober 2012. Henta 24. mai 2019.
- ↑ «Jethro Tull’s Ian Anderson On Thick as a Brick 2, the Grammys And More». American Songwriter. 2 februar 2012.
- ↑ «New CD Release by Ian Anderson Revives the Prog Genre». 11 april 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche - musicline.de». musicline.de. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «finnishcharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». finnishcharts.com. Henta 15. september 2012.
- ↑ «Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2 - Austerrikskecharts.at». Austerrikskecharts.at. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «norwegiancharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». norwegiancharts.com. Henta 15. september 2012.
- ↑ «Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2 - hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 15. september 2012.
- ↑ http://jam.canoe.ca/Music/Charts/ALBUMS.html
- ↑ «ListeArchive - Ian Anderson - Thick As A Brick 2». listearchive.org. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «dutchcharts.nl - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». dutchcharts.nl. Henta 15. september 2012.
- ↑ «spanishcharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». spanishcharts.com. Henta 15. september 2012.