Tsjorna på Krimhalvøya
Utsjånad
Tsjorna | |||
elv | |||
Munningen til Tsjornaja.
| |||
Land | Ukraina, Russland | ||
---|---|---|---|
Tsjorna på Krimhalvøya 44°28′00″N 33°51′00″E / 44.46666667°N 33.85°E | |||
Wikimedia Commons: Chorna River |
Tsjorna, Tsjornaja eller Tsjorhun (ukrainsk Чорна, Tsjorna, russisk Чёрная, krimtatarisk Çorğun),som på ukrainsk og russisk tyder 'Svartelva', er ei lita elv på Krimhalvøya. Ho er 34,5 km lang.
Tsjorna byrjar i Baydardalen nordaust for den vesle byen Rodnikivs'ke, og like vest for byen renn ho ut i eit reservoar. Frå her held ho fram vestover tilbyen Inkerman (Belokamensk) der ho munnar ut i Sevastopolbukta på sørvestkysten av halvøya.
Under Krimkrigen fann slaget ved Tsjornaja stad ved elva. Byen Inkerman var ein strategisk viktig stad under krigen og ligg ved breidda av elva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chorna River (Crimea)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.