Ull
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå guden Ull.
Ull er ein naturfiber frå ulike dyr, særleg sau og geit. Ull kan minna om hår og pels, men har ulike eigenskapar som skil seg frå desse. Det blir brukt som tekstilråvare som vert spunne til garn og vidare tilverka til tøy gjennom mellom anna veving, strikking og hekling. Ull kan òg nyttast til toving.
Ulla har gjeve opphav til ein særskild ullindustri, i ei viss grad skild frå resten av tekstilindustrien.
Andre ullsortar enn saueull
[endre | endre wikiteksten]- Alpakaull - mjuk ull frå lamadyret alpakka.
- Angoraull - mjuk ull frå angorakaninar.
- Kamelull - mjuk ull frå kamelane.
- Kasjmirull - mjuk og finfibra ull frå kasjmirgeita.
- Lamaull - liknar alpakkaull men er noko grovare. Frå lama.
- Mohairull - grov, langfibra, mjuk ull frå angorageita.
- Nauthår - korte og grove hår frå storfe.
- Tagl - hår frå man og hale på hestar.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Klede
- Vadmål
- Lanolin (ullfeitt)
- Piezoelektrisitet
- Varmeleiingsevne
- Sjoddi
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nesna bygdemuseum om ull Arkivert 2005-03-07 ved Wayback Machine.
- Ull Arkivert 2006-04-27 ved Wayback Machine. Lær om ull