Hopp til innhald

Vollgrav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgen, Bodiam Castle har vollgrav. Den er i East Sussex, England
Tørrlagt vollgrav

Vollgrav er ei brei fordjuping i jorda som ofte er fylt med vatn, og som omgjev muren til ein festning, borg eller liknande. Ofte førte ei vindebru over vollgrava.[1]

Frå 1800-talet medførte ny forsvarsstrategi at vollgraver blei umoderne, og gamle vollgraver blei mange stader fylte igjen eller gjort om til parkområde. I Tivoli i København er ein del av tivoliet opphavleg ei vollgrav.

  1. «vollgrav». Store norske leksikon (på norsk). 29. september 2014. 
Spire Denne militærartikkelen som har med arkitektur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.