Hopp til innhald

Vassveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nettverk av vassvegar i Europa.
Nordvestpassasjen

Vassveg er ei seglbar elv, innsjø, havstrekning eller kanal som kan brukast til samferdsel.[1] For at ein vassveg skal reknast som seglbar må han tilfredsstilla fleire kriterium:

  • Vassvegen må vera djup nok for djupgangen til fartøya som bruker han.
  • Vassvegen må vera brei nok til at fartøya som bruker han kan passera.
  • Vassvegen må vera fri for hindringar som fossar og stryk, eller ha ein veg rundt dei (som slusar og båtheisar).
  • Strømmen i vassvegen må vera svak nok til at fartøya kan røra seg mot han.

Fartøy som bruker vassvegar varierer frå små prammar til enorme havgåande tankskip og cruiseskip.

Kanalar er vassvegar som er bygde for å gje ei ny transportrute for fartøy (i motsetnad til å forbetra ein naturleg vassveg langs den eksisterande traseen). Til å byrja med bygde ein kanalar hovudsakleg for små fartøy trekte av hestar eller andre trekkdyr. I nyare tid er det blitt laga større kanalar for å gjera mogleg passering av store havgåande fartøy (sjå skipskanal).

  1. «vandvej —», ordnet.dk, henta 10. februar 2023