Hopp til innhald

Velvendós

Koordinatar: 40°15′N 22°4′E / 40.250°N 22.067°E / 40.250; 22.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velvendós
Lokalt namn Βελβεντός
Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°15′N 22°4′E / 40.250°N 22.067°E / 40.250; 22.067
Areal 126,5 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Vest-Makedonía
Kozáni
Hovudsete Velvendós (2 913 innb.)
Demografi
Folketal 3 057 (2021[1])
Folketettleik 24,1 /km²

Velvendós (gresk Βελβεντός) er ein distriktsby og ein kommune i periferieininga Kozáni i Vest-Makedonía i Hellas. Han ligg søraust for Kozáni og grensar i aust mot periferieiningane Pélla og Piería i periferien Sentral-Makedonía.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2011 var Velvendós eigen kommune, og vart då innlemma som ei kommunaleining i kommunen Sérvia-Velvendós.[2] I 2019 vart han igjen eigen kommune.[3]

Ved folketeljinga i 2021 hadde den noverande kommunen Velvendós 3 057 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 913 innbyggjarar.[1]

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Busetnadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[4] Folketal 2021[1]
Velvendós 3 360 2 913
Katafýji 28 57
Ajía Kyriakí 14 37
Paleográtsano 39 36
Polýfyto 7 14

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.