Hopp til innhald

Villingen-Schwenningen

Koordinatar: 48°04′0″N 8°28′0″E / 48.06667°N 8.46667°E / 48.06667; 8.46667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Villingen-Schwenningen
Sentrum av Villingen
Sentrum av Villingen
Sentrum av Villingen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Villingen-Schwenningen
Villingen-Schwenningen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Freiburg
Schwarzwald-Baar
Ordførar Rupert Kubon (SPD)
Geografi
Flatevidd
 - By

165,47 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

80 923
  489/km²
Koordinatar 48°04′0″N 8°28′0″E / 48.06667°N 8.46667°E / 48.06667; 8.46667
Høgd over havet 758 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 78048–78056
Telefon-retningsnummer 07721, 07720, 07425, 07705
Bilnummer VS
Heimeside: www.villingen-schwenningen.de

Villingen-Schwenningen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Schwarzwald-Baar.

Villingen-Schwenningen ligg i austkanten av Schwarzwald ved elva Brigach, om lag 700 meter over havet. Kjelda til elva Neckar ligg i Schwenningen (Schwenninger Moos).

I mellomalderen var Villingen ein austerriksk by. Under reformasjonen vart han verande katolsk. Villingen vart omleira av marsjal Tallard i 1704. Oberst Von Wilstorff forsvarte seg godt i dei utdaterte festningsverka og etter seks dagar måtte Tallar gje opp.

Schwenningen var ein landsby fram til 1800-talet. I 1858 vart den første klokkefabrikken oppretta her, og frå den tida har urmakeri og presisjonsmekanikk vore ein viktig industri.

Som ein del av reformene i Baden-Württemberg i 1972 vart Villingen og Schwenningen slått i saman, i lag med fleire andre omliggande landsbyar. Dei to halvdelane av byen heng derimot ikkje saman, og har mellom anna eit platå mellom seg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Villingen-Schwenningen