Yichang
Yichang (kinesisk: 宜昌; pinyin: Yíchāng) er eit byprefektur i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Folketalet i sjølve byen vart i 2005 berekna til 478 000, medan heile prefekturet har 3,92 millionar innbyggjarar. Yichang består av fem bydistrikt, tre fylke, to autonome fylke og tre byfylke. Byprefekturet har mange innbyggjarar som høyrer til minoritetsgruppa tujia.
Tre kløfter-demninga, med verdas kraftigaste vasskraftverk, demmer opp elva Chang Jiang nær byen Yichang.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]- Vegar
Kinas riksveg 318, som er ein av Folkerepublikken Kinas lengste hovudvegar, går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.
- Bruer
Bruer over Chang Jiang er mellom anna
- Xiling-brua
- Yiling-brua
- Yichang-brua (Yíchāng Changjiang Gonglu Dàqiáo)
- Yiwan-brua
Styresmakter
[endre | endre wikiteksten]Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Huang Chuping, og borgarmeisteren er Ma Xuming (2019).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yichang» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yichang. Store norske leksikon