Zebedee Nungak
Zebedee Nungak | |||
Fødd | inuktitut ᔭᐃᐱᑎ ᓄᓐᖓᖅ; Jaipiti Nunngaq 1950 (74 år) Saputiligait i Nunavik |
---|
Zebedee Nungak CQ (fødd i 1950)[1][2] er ein kanadisk inuittisk forfattar, skodespelar, journalist og politikar.
Som barn blei Nungak teken bort frå heimen og lokalsamfunnet i Saputiligait, i lag med to andre barn, for å vera del av eit eksperiment utført av dei kanadiske styresmaktene for å «fjerna inuittkulturen frå dei og forma dei til leiarar i nord med sørlege tenkjemåtar.» Nungak blei seinare ein viktig person i å vinna landrettar og i skipinga av heimterritoriet Nunavik.
I den tidlege karrieren sin arbeidde Nungak som omsetjar og tolk for dei kanadiske styresmaktene. Han blei så ein av grunnleggjarane av Northern Quebec Inuit Association, og ein av dei som skreiv under på James Bay and Northern Quebec Agreement. Under dei konstitusjonelle konferansane for urfolksrettar var Nungak ein av formennene ved Inuit Committee on National Issues. Han var seinare fyrst visepresident og så president i Makivik Corporation, der han arbeidde aktivt for å oppnå anerkjenning av rettane til inuittar. I 2017 blei han tildelt National Order of Quebec av leiaren av Quebec, Philippe Couillard, til ære for tenestene sine for inuittar i Nord-Quebec.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Nungak blei fødd i Saputiligait i Nunavik i Quebec, ein liten landsby sør for Puvirnituq,[3][4][5] 23. april 1951.[1] Staden blei nedteikna som «Kenoruk's camp» av den anglikanske presten som dokumenterte fødestaden hans, Nungak meinte dette kanskje var fordi preseten ikkje kunne stava namnet på staden rett.[1][6] Nungak fekk e-nummeret E9-1956, eit offisielt nummer utdelt til alle inuittar i aust som blei avskaffa 1978.[6] Mor til Nungak var dotter av ei inuittmor og ein skotsk far; Nungak møtte aldri denne morfaren.[1] Han var ein av sju barn, i lag med Talasia, Poasie, Harry, Aliva, Alasie og Joanasie.[1] Fødselsnamnet hans blei nedskrive som Jabedee Noongoak.[6] Seinare i livet måtte han få advokathjelp til å fastslå at dei to namna tilhøyrde same person.[1]
«Eskimo Experiment»
[endre | endre wikiteksten]Fram til han var 12 var Nungak elev ved Povungnituk Federal Day School.[3] 14. august 1963[1] blei Nungak teken som del av det såkalla «Eskimo Experiment» av dei kanadiske styresmaktene. Han og to andre barn, Peter Ittinuar og Eric Tagoona,[7][8] blei frakta til sør i Canada for å fullføra high school der.[3] Dei tre barna blei valde på grunn av høge testskårar. Dei blei tekne frå familiane sine utan samtykke, og plasserte hjå engelsktalande mellomklassefamiliar i Ottawa.[7][5] Som del av eksperimentet var Nungak elev ved tre skular: Parkway Public School, J.H. Putman Public School og Laurentian High School.[1] Både Nungak, Ittinuar og Tagoona gjorde det særs godt i idrett som judo og symjing. Dei tre blei avbilda på framsida av bladet Judo World i 1964.[1]
Då han skildra opplevingane sine i fosterheim seinare i livet sa Nungak at han ikkje hadde noko vondt å seia om nokon han møtte i denne perioden.[a][1] Vanskane kom frå at Nungak var blitt heilt isolert frå lokalsamfunnet sitt. Han var ikkje til stades då den yngste systera hans blei fødd, eller då bestemora døydde. Familien til Nungak hadde ingen måte å kontakta han på etter at han blei teken til Ottawa.[1] Etter at Nungak vende heim, blei han gjort til latter av jamgamle inuittar, men følte heller ikkje at han høyrde heime i det sørlege samfunnet han var blitt teken til.[5] Nungak hadde ikkje utvikla viktige evne som andre medlemmer av samfunnet hans hadde: Han kunne ikkje fjerna galleblæra til ein sel eller skjera ut snøblokker med ein pana, eller snøkniv.[9]
Det finst dokumentasjon på at eksperimentet blei utført for å finna ut om inuittar hadde same intelligensnivå som ikkje-inuittar.[10] Programmet var blitt utforma for å fjerna inuittkulturen frå deltakarane og forma dei til leiarar i nord med sørlege tenkjemåtar[b][5] I 2009 blei det laga ein film om personar som var del av dette eksperimentet, The Experimental Eskimos, av Barry Greenwald.[8][11]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Som følgje av opplevingane sine som del av eksperimentet, fann Nungak og Ittinuar ut at dei hadde eit unikt perspektiv frå både nord og sør.[5] Nungak gjekk inn i Department of Indian and Northern Affairs med mål om å innføra inuittisk sjølvstyre.[5] Som nittenåring byrja han arbeida som statleg tolk og omsetjar, og vende tilbake til heimstaden på 1970-talet.[3][5][12] Han var også redaktør for Tukisinaqtuk "Message", ei trespråkleg nyheitsbrev, og som kringkastar for CBC North Iqaluit.[3] I eit intervju frå 2011 sa Nungak at han i løpet av den politiske karrieren sin hadde han kryssa gevir med statmsministrar, premierar og Québec-separatistar.[c][5]
Skapinga av Nunavik
[endre | endre wikiteksten]Nungak er blitt skildra som ein sentral figur i skipinga av inuitt-regionen Nunavik. Han og Charlie Watt var grunnleggjarar av Northern Quebec Inuit Association (NQIA) i 1972.[12] Nungak var sekretær-kasserar.[4] Laget representerte inuittar, og verka i lag med Grand Council of the Crees, i forhandlingar med styresmaktene i Quebec og Canada for dei fyrst landkrava på vegner av inuittane.[5][13] Nungak var forhandlar på vegner av NQIA, og var ein av elleve til å underteikna James Bay and Northern Québec Agreement (JBNQA) i 1975.[3][7][11][13][5] Nungak var også leiaren for Saputik, ein organisasjon som heldt eigarskapen over inuittisk land i Quebec.[12]
Frå 1984 og 1987 var Nungak medformann for Inuit Committee on National Issues, som forhandla med dei kanadiske styresmaktene om at inuittrettar skulle nedfellast i den kanadiske grunnloven under grunnlovskonferansane for urfolksrettar.[3][14][15][5] Frå 1995 til 1998 var han leiar for Makivik Corporation, som hadde ansvaret for å administrera kompensasjonar som del av JBNQA.[3][16] Han hadde tidlegare vore nestleiar.[5]
Journalist og skribent
[endre | endre wikiteksten]Nungak er ein produktiv journalist som har skrive over seksti artiklar for fleire ulike magasin.[3] Han har skrive for Inuktitut, This Magazine og Windspeaker.[5] Nungak kan flytande engelsk, fransk og inuktitut, og har gjeve ut bøker på alle tre språka.[3] Tekstane hans har fokus på å ta vare på inuittiske forteljingar og auka merksemd kring vern om dei inuittiske språka.[3] Han har gejve ut samlingar av forteljingar frå Puvirnituq, samlingar om overvegingane av eldre i Nunavik og den trespråklege Illirijavut. ᐃᓪᓕᕆᔭᕗᑦ. That which we treasure. La langue que nous chérissons for å prøva revitalisera inuktitut.[3][17] Nungak har vore ein sterk forkjempar for vern av inuittisk språk og kultur.[17] Ein av aktivitetane han har drive med er som leiar for spørjetevlinga Uvangaqqaaq, 'meg fyrst', der han har kalla seg sjølv "the Alex Trebek of the North" etter den mangeårige programleiaren for Jeopardy.[5] Eit av emna for verka til Nungak er det oppdikta studiet «qallunology», inuittiske studiar av kvite folk.[18][19] Studiet gjev den filosofiske nemninga «den andre» til qallunaat, eller ikkje-inuittar, frå eit inuittisk perspektiv.[20] Qallunology er ein viktig del av dokumentaren Qallunaat! Why White People Are Funny, som han var medregissør av.[3][5]
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Nungak stilte til føderale og provinsval to gonger. Han stilte som uavhenging kandidat for Duplessis-setet ved valet i Quebec i 1976.[21] Nungak fekk 1 916 stemmer, og kom på fjerdeplassen.[22] Ved det føderale valet i Canada i 1979 stilte Nungak igjen som ein uavhengig kanditat i Abitibi. Nungak fekk berre 986 stemmer, eller to prosent av stemmene.[23][22]
Nungak var opent kritisk til sjølvstenderørsla i Quebec og Parti Québécois, som kjempa for at Quebec skulle bli sjølvstendig.[24][25] Trass i motstanden sin mot rørsla, nekta Nungak å kalla seg sjølv ein «føderalist», og tok avstand frå den føderalistisk tilnærminga til både Liberal Party i Canada og Quebec Liberal Party, og frå mangelen deira på bevaring av urfolksidentitet.[26] Nungak uttrykte uro for at eit uavhengig Quebec potensielt ville isolera inuittene i Nunavik ved å skjera av banda deira med dei andre inuittane i Canada, og deretter avslutte det spesielle forholdet Nunavik hadde med den føderale regjeringa.[27] Nungak hadde ivra for at dei føderale styresmaktene skulle gripe inn om Quebec skulle få sjølvstende.[27] Han var kritisk mot sjølvstenderørsla, som ignorerte urfolksrøyster ettersom dei var rekna som «uviktige» samanlikna med franskspråklege Quebec-burarar.[28] Til svar på dette sa Nungak: «Det kan vera slik at talet vårt er uviktig, men landet med går på - der me har hatt heimane våre i tusentals år - er ikkje uviktig i det heile.»[d][28] Som leiar for Makivik Corporation heldt Nungak talar i Brussel, Geneve og London for å tala mot sjølvstenderørsla og ei mogleg ny folkeavstemming.[29] Under reisene sine møtte Nungak SN sin visehøgkommissær for menneskerettar og Royal Geographical Society i London.[29] Nungak har også vore folkevald i lokalsamfunnet sitt i Kangirsuk.[30]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2017 blei Nungak tildelt National Order of Quebec av Premier of Quebec Philippe Couillard for bidraga sine til samfunnet i Quebec.[3][31][32] Han blei gjeven tittelen knight.[31][33]
I 2021 var Nungak ein av fem til å bli gjeven First Peoples' Medal av Lieutenant Governor of Quebec J. Michel Doyon til ære for bidraga deira til lokalsamfunna deira og utanlands.[34]
Personleg liv
[endre | endre wikiteksten]Nungak er busett i Kangirsuk med kona si. Dei har sju barn.[3][14] Han arbeider som kulturkommentator og for Avataq Cultural Institute i samband med bevaring av språket.[9][17] Nungak kan også spela trekkspel.[35]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- På engelsk
- 1969: Eskimo Stories from Povungnituk. Unikkaatuat sanaugarngnik atyingualiit Puvirngniturngmit. ISBN 9780660502854
- 2017: Wrestling With Colonialism on Steroids: Quebec Inuit Fight for Their Homeland ISBN 9781550654684
- På fransk
- 1975: Légendes inuit de Povungnituk. Unikkaatuat sanaugarngnik atyingualiit Puvirngniturngmit ISBN 978-0660502854
- 2019: Contre le colonialisme dopé aux stéroïdes. Le combat des Inuit du Québec pour leurs terres ancestrales ISBN 9782764625682
- På engelsk og fransk
- 2012: Illirijavut. ᐃᓪᓕᕆᔭᕗᑦ. That which we treasure. La langue que nous chérissons ISBN 978-2-921644-88-4
- Alle verka til Nungak er tilgjengelege på inuktitut
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "nothing bad to say about anybody during that period"
- ↑ "expunge them of Inuit culture and groom them to become northern leaders with a southern way of thinking."
- ↑ "crossed antlers with prime ministers, premiers and Québec separatists"
- ↑ “it may be true that our numbers are inconsequential but the land we tread—where we have had our homes for thousands of years—is not inconsequential at all"
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Nungak, Zebedee. «EXPERIMENTAL ESKIMOS» (PDF). Christian Aboriginal Infrastructure Developments (på engelsk, fransk, og inuktitut). Arkivert frå originalen (PDF) 10 April 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ Inuktitut (PDF) (på engelsk, fransk, og inuktitut) (Volume 106 utg.). s. 5. Henta 15 March 2022. «ᐊᒃᓱᒻᒪᕆᐊᓗᒃ, ᐊᒃᓱᒻᒪᕆᐊᓗᖏᓛᒃ ᖁᕕᐊᑉᐳᒍᑦ, ᐊᓕᐊᑉᐳᒍᑦ ᔭᐃᐱᑎ ᓄᓐᖓᖅ ᐊᓪᓚᖃᑕᐅᒍᓐᓇᓯᖃᑦᑕᓚᖓᓕᕐᒥᒻᒪᑕ ᐃᓄᑦᑎᑐᑦ ᐅᖃᓕᒫᒐᕐᓄᐊᑐᒃᓴᓂᒃ. / We are very very pleased Zebedee Nungak is back as a contributor to Inuktitut Magazine.»
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 3,13 3,14 Chartier, Daniel (2018). «Nungak, Zebedee». Inuit Literatures ᐃᓄᐃᑦ ᐊᓪᓚᒍᓯᖏᑦ Littératures inuites. Université du Québec à Montréal: International Laboratory for Research on Images of the North, Winter and the Arctic. Henta 14. mars 2022.
- ↑ 4,0 4,1 Nungak, Zebedee. «The Decimation of Inuit Security». Arctic Focus (på engelsk). Henta 14 March 2022.
- ↑ 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 5,13 5,14 Pfeiff, Margo (June 2011). «ESKIMO MAN, INTERRUPTED» (PDF). Up Here: 28–31. Arkivert frå originalen (PDF) 18. mars 2022. Henta 16 March 2022.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «E9-1956». Inuktitut Vol. 88 (PDF). Inuit Tapirisat of Canada. 2000. s. 33–37. Henta 16 March 2022.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Blackburn, Mark (5 May 2017). «'Experimental Eskimos' get one step closer to reconciliation». APTN National News. Aboriginal Peoples Television Network. Arkivert frå originalen 27 November 2020. Henta 14 March 2022.
- ↑ 8,0 8,1 Klie-Cribb, Mathew (27 July 2015). «Experimental Eskimos». Canadian Geographic (på engelsk). Arkivert frå originalen 10 July 2020. Henta 14 March 2022.
- ↑ 9,0 9,1 «Reel Insights | The Experimental Eskimos». APTN TV. Aboriginal Peoples Television Network. Henta 14 March 2022.[daud lenkje]
- ↑ Rogers, Sarah (13 July 2020). «Experimental Inuit hope to see claim move forward after 12-year wait». Nunatsiaq News. Arkivert frå originalen 15 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ 11,0 11,1 Smith, Charlie (5 May 2010). «Aboriginal stories go beyond political drama in The Experimental Eskimos and Six Miles Deep». The Georgia Straight (på engelsk). Arkivert frå originalen 19 April 2021. Henta 14 March 2022.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 Petrone, Penny (1. januar 1992). Northern Voices: Inuit Writing in English (på engelsk). University of Toronto Press. s. 258. ISBN 978-0-8020-7717-2. Henta 18. mars 2022.
- ↑ 13,0 13,1 Karnick, Sonali (2016). «INSIDE THE JAMES BAY CONFLICT, 44 YEARS LATER». CBC Radio. Canadian Broadcasting Corporation. Henta 14 March 2022.
- ↑ 14,0 14,1 «Wrestling with Colonialism on Steroids by Zebedee Nungak». Vehicule Press. Vehicule Press. 2017. Arkivert frå originalen 8 May 2021. Henta 14 March 2022.
- ↑ Conway, Kyle (2011). Everyone Says No: Public Service Broadcasting and the Failure of Translation (på engelsk). McGill-Queen's University Press. s. 102. ISBN 978-0-7735-8710-6. Henta 14 March 2022.
- ↑ Phillips, Todd (4 April 1997). «Makivik boss faces two challengers». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 28 November 2018. Henta 14 March 2022.
- ↑ 17,0 17,1 17,2 George, Jane (25 February 2013). «Nunavik team urges more work on rescuing the Inuit language». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 15 March 2022. Henta 15 March 2022.
- ↑ Nungak, Zebedee (2006). «Introducing the science of Qallunology». Aboriginal Multi-Media Society (på engelsk). Windspeaker. Arkivert frå originalen 21 January 2022. Henta 18 March 2022.
- ↑ Rasmussen, Derek (2002). «Qallunology: A Pedagogy for the Oppressor» (PDF). Philosophy of Education Archive: 85–94. Arkivert frå originalen (PDF) 13 March 2022. Henta 18 March 2022.
- ↑ Mongeon-Bourbonnais, Clara (2014). «La figure du Qallunaat : Zebedee Nungak et la prise de parole inuit» (PDF). Université du Québec à Montréal. Henta 18 March 2022.
- ↑ «Les résultats électoraux depuis 1867, D'Arcy-McGee à Duplessis - National Assembly of Québec». Assemblée Nationale du Quebec (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. november 2021. Henta 14 March 2022.
- ↑ 22,0 22,1 Sayers, Anthony (2017). «Zebedee Nungak». Canadian Elections Database. Arkivert frå originalen 1 June 2019. Henta 14. mars 2022.
- ↑ Rogers, Sarah (3. april 2011). «Green Party recruits Inukjuak candidate for Abitibi-James Bay-Nunavik-Eeyou». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mars 2022. Henta 14 March 2022. «former Makivik Corp. president Zebedee Nungak ran as an independent in the 1979 federal election, receiving two per cent of the vote.»
- ↑ George, Jane (12. september 1997). «Nunavik smiles for Lucien, then signs for the cash». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «House of Commons Debates VOLUME 134 NUMBER 048 2nd SESSION 35th PARLIAMENT» (PDF). 16 May 1996. s. 2908. Arkivert frå originalen (PDF) 10. april 2022. Henta 14. mars 2022.
- ↑ Nungak, Zebedee (14 March 1997). «Nungak: I'm not a federalist». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 20 November 2021. Henta 16 March 2022.
- ↑ 27,0 27,1 Freeman, Alan; Grady, Patrick (1995). «DIVIDING THE HOUSE PLANNING FOR A CANADA WITHOUT QUEBEC» (PDF). s. 129. Arkivert frå originalen (PDF) 10 April 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ 28,0 28,1 Came, Barry (27 February 1995). «THE NATIVES SAY NO». Maclean's | The Complete Archive. Arkivert frå originalen 14 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ 29,0 29,1 Wilkin, Dwane (28 February 1997). «Nungak takes unity message to Europe». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 14 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ George, Jane (11 November 2005). «Two communities without mayors after Nunavik election». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 14 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ 31,0 31,1 «Zebedee Nungak». Ordre national du Québec. 2017. Henta 14 March 2022.
- ↑ «Photo: Nunavik leader, language advocate honoured with Ordre du Québec». Nunatsiaq News (på engelsk). 20 June 2017. Arkivert frå originalen 14 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ Binette, André (13 August 2019). «Le combat des Inuits du Québec pour leurs terres ancestrales | L'aut'journal». L'aut'journal. Arkivert frå originalen 16 May 2020. Henta 14 March 2022.
- ↑ Pelletier, Jeff (14 October 2021). «5 Nunavik residents receive lieutenant-governor's medal». Nunatsiaq News (på engelsk). Arkivert frå originalen 14 March 2022. Henta 14 March 2022.
- ↑ Hiscott, Jim (2000). «Inuit Accordion Music—A Better Kept Secret». Canadian Folk Music/Musique Folklorique Canadienne 34: 1. Henta 18 March 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Zebedee Nungak» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2022.