Faktaboks

Offisielt namn
AFTENPOSTEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Eigd av
Schibsted ASA, Stiftelsen Tinius
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Trine Eilertsen (sjefredaktør)
Styreleiar
Siv Tveitnes
Avishovud til Aftenposten
Avishovud til Aftenposten
Aftenposten.

Aftenposten er ei norsk dagsavis med hovudredaksjon i Oslo. Avisa kjem ut på papir alle kvardagar og er Noregs nest største avis målt i papiropplag. Avisa er ein del av Schibsted Media, som er eigd av Stiftelsen Tinius. I tillegg til det daglege hovudproduktet på papir gjev ut Aftenposten ei eiga avis retta mot barn, Aftenposten junior, vidare månadsmagasinet Aftenposten Historie og det populærvitskaplege magasinet Innsikt. A-magasinet er eit vekevis bilag til hovudavisa.

Digitalt

Aftenposten byrja med nettutgåve (Aftenposten.no) i 1995. Ordninga med såkalla betalingsmur for å gje ikkje-abonnentar tilgang til å lese avisa vart innført i 2013. Medan betalande abonnentar på papir og nett var totalt 248 595 i andre halvår 2023, var talet på daglege lesarar i gjennomsnitt 524 501, ifylgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Aftenposten produserer fleire podkastar, der Aftenpodden og Forklart er mellom dei mest populære.

Historie

Avis

A-magasinet, 33/1935.

Avis
En abonnent på Aftenposten
Oda Krohg måla i 1887 dette biletet av dottera si i ferd med å klippe sund Aftenposten. Motivet er tolka som ein humørfylt «straff » frå kunstnaren, fordi svogeren hennar, målaren Frits Thaulow, måtte sone 64 dagar i fengsel for å ha gjeve Aftenpostens eigar og redaktør, Amandus Schibsted, ein øyrefik. Det skjedde fordi Schibsted hadde slakta det storstilte arrangementet «Borgen» i Slottsparken i 1887 – til inntekt for eit kunstnarhus. Fengselsopphaldet vart forholdsvis komfortabelt. Thaulow fekk med eigne møblar, staffeli og målarsaker til Møllergata nr. 19, og han fekk besøk heile dagen gjennom. Han hadde dessutan sørgt for å starte soninga på ein dag som innebar at han vart sett fri på sjølvaste 17. mai. Då vart Thaulow henta av ein stor deputasjon med Bjørnstjerne Bjørnson i spissen. Fridomsdagen vart i vittigheitsblada omdøypt til Fritsdagen. Måleri frå 1887, Nasjonalmuseet.

Avisa vart grunnlagd i 1860 av boktrykkjar Christian Schibsted under namnet Christiania Adresseblad. Noverande namn vart teke i bruk i 1861. Aftenposten, og seinare Schibsted-konsernet, var fram til 1980-åra ei personleg eigd bedrift med Schibsted-familien og etterkommarar i denne som dominerande eigarar. I 1983 vart konsernet omgjort til aksjeselskap.

Aftenposten var til å byrje med eit upolitisk nyheits- og annonseblad, men fekk frå slutten av 1880 eit konservativt preg. I den lange perioden fram til rundt 1990, som vart avslutta med avgangen til sjefredaktør Egil Sundar, var Aftenposten ei såkalla høgreavis som også arbeidde for at Noreg skulle få borgarlege regjeringar. I åra etter har avisa redaksjonelt hatt en profil som best kan karakteriserast som politisk uavhengig, men liberal-konservativ.

Avisa fekk det store oppsvinget sitt under redaktør Amandus Theodor Schibsted (1879–1913). Han var ein framifrå journalist med sans for aktuell nyheitsreportasje. I dette tidsrommet vart avisa eit leiande annonseorgan, noko som skapte ein solid økonomisk basis. Aftenpostens vekst heldt fram i mellomkrigsåra og etter andre verdskrigen. Grunnlaget for veksten i åra etter 1945 vart til ei viss grad lagt ved at Aftenposten kom ut under heile okkupasjonstida.

Krigsår

Som alle andre avisar som kom ut i Noreg under andre verdskrigen måtte òg Aftenposten underkaste seg streng sensur og rette seg etter direktiv frå den tyske okkupasjonsmakta. Men allereie i 1930-åra, etter at nazistane greip makta i Tyskland, viste Aftenpostens redaksjonelle leiing stor sympati med dette regimet og den ideologien det forfekta.

Teknologisk utvikling

I 1966 overtok Aftenpostens eigarar dagsavisa Verdens Gang (VG). Dette innebar i fyrste rekkje eit trykkteknisk samarbeid. I 1976 gjekk Aftenposten og Verdens Gang over til offsettrykk. Samtidig med overgangen til fotosats tok avisene i bruk laserteknikk ved heilsides radiolinkoverføring frå setjeriet i Akersgata til trykkjeriet på Linderud. I 1999 tok avisa i bruk det noverande trykkjeriet sitt i Nydalen. I 2003 flytta avisa frå den tradisjonsrike plasseringa si i Akersgata, der ho hadde halde til i 127 år, til åtte etasjar i det ombygde Postgirobygget ved Oslo Sentralstasjon. I 2014 flytta dei tilbake til Akersgata.

Fleire utgåver

Avisa kom inntil desember 2012 ut i to utgåver: ei morgonutgåve, som kom alle dagar i veka, og ei kveldsutgåve, Aften, som vart distribuert i Oslo-området med hovudvekt på lokalt stoff. Kveldsutgåva vart avvikla i 2012. Kveldsnummeret kom i tabloidformat frå 1997. I 2003 kom éin av seksjonane i morgonutgåva i tabloidformat, medan heile morgonutgåva fylgde i 2005. Frå 1990 har Aftenposten òg hatt sundagsutgåve. Aftenposten gav ut landsutgåva Ukens Nytt tre gonger kvar veke i perioden 1890–1989. Vekesbilaget A-magasinet har blitt gjeve ut i 1926–1943, 1963–1993 og sidan 2005.

Redaktørar

År Redaktørar
1860–1863 Elling Kristoffersen
1863–1867 Zacharias Schlytter
1867–1879 Johan Magelssen
1879–1913 Amandus Theodor Schibsted
1913–1919 Ola Christian Christofersen
1913–1925 Thorstein Diesen
1919–1930 Frøis Frøisland
1930–1941 Johs. Nesse
1936–1943 Haakon Øverland
1941–1945 Henry E. Endsjø
1945–1948 Johs. Nesse
1945–1973 Henrik J. S. Huitfeldt
1948–1968 Einar Diesen
1949–1961 Herman Smitt Ingebretsen
1961–1970 Torolv Kandahl
1970–1978 Reidar Lunde
1970–1984 Hans Vatne
1978–1986 Trygve Ramberg
1984–1990 Egil Sundar
1989–1993 Andreas Norland
1994–2003 Einar Hanseid
2004–2009 Hans Erik Matre
2008–2013 Hilde Haugsgjerd
2013–2019 Espen Egil Hansen.
2019– Trine Eilertsen

Opplag

Opplagstal for Aftenposten, 1986-2023

Created with Highcharts 10.3.3tidspunkttusen1986198819901992199419961998200020022004200620082010201220142016201820202022050100150200250300
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i reknemetode frå 2018)
År Opplag
1950 141 992
1960 171 776
1970 191 069
1980 223 925
1990 265 558
1995 282 018
2000 276 429
2005 252 716
2010 239 831
2015 202 111
2016 210 472
2017 224 249
2018 258 832
2019 247 840
2020 257 316
2021 254 208
2022 252 448
2023 248 596

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifylgje Mediebedriftenes Landsforening.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Wasberg, Gunnar Christie: Aftenposten i hundre år, 1960

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser