Faktaboks

Giza
arabisk: al-Jizah egyptisk arabisk: al-Gizeh
Uttale

giza

Giza. Sfinksen og Khefrens pyramide.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Giza er ein by i Egypt, i nyare tid i praksis ein forstad til hovudstaden Kairo. Byen ligg på vestbreidda av Nilen, rundt fem kilometer sørvest for sentrum av hovudstaden. Giza har rundt 8,9 millionar innbyggjarar (CAPMAS, 2018), og er den tredje mest folkerike byen i Egypt etter Kairo og Alexandria.

Giza er kjent for dei historiske og arkeologiske landemerka sine, som Gizapyramidene og Sfinksen på Gizaplatået, og har lenge vore eit populært reisemål for lokal og internasjonal turisme.

Giza er hovudstaden i guvernementet med same namn, og er ein del av Stor-Kairo byregion, som utgjer Afrikas største urbane område. Byen husar mellom anna Kairo-universitetet, ei rekkje større sjukehus og Giza zoologiske hage, som var den fyrste zoologiske hagen på det afrikanske kontinentet, opna i 1891.

Eldre historie

I det gamle Egypt fungerte Giza som ein nekropol, og var stad for fleire gravplassar og mausole. Tre av desse mausolea er i dag kjende som dei tre Gizapyramidane, og den eldste, Kheopspyramiden, vart ferdigstilte rundt år 2560 fvt.. Giza har til liks med resten av dei nærliggjande områda vore under herredøme av ei rekkje folkegrupper og imperium, mellom anna under persisk, gresk, romersk og bysantisk herredøme, før dei muslimske erobringane på 600-talet, då området kom under muslimsk kontroll, og byen Giza vart grunnlagt.

Nyare historie

Med ei aukande interesse for «Orienten» i Europa, vart det gjennomført fleire europeiske ekspedisjonar til Giza. Mest kjent mellom desse er under dei franske felttoga i Egypt under Napoleon, der ei større gruppe kunstnarar og vitskapsfolk dokumenterte det dei observerte i Giza, blant dei pyramidane og Sfinksen. Arbeidet resulterte i det riktet illustrerte Description de l’Égypte, gjeve ut i fyrste kvartal av 1800-talet.

Giza vart i nyare tid ein raskt veksande by, og er i dag ein handelssenter for mellom anna jordbruksvarer og industri.

Etter Den arabiske våren, med etterfylgjande uro i Egypt, har Giza, med den store turistindustrien sin, vore utsett for sporadiske terrorangrep frå ytterleggåande islamistar. Mellom anna vart ein buss med vietnamesiske turistar utsett for eit terrorangrep i desember 2018, då ei vegbombe gjekk av på vegen til Gizapyramidane. Nedgangen i turistar frå utlandet har hatt stor negativ innverknad på økonomien i Giza.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg