Grimsmoen er ein mo i Folldal kommune, Innlandet. Den måler om lag 10 kvadratkilometer.
Grimsmoen vart danna under avslutninga av siste istid, da restar av innlandsisen låg att i midtre delen av Østerdalen, mens store område i Nord-Østerdal var isfrie. Isen demte opp ein stor sjø av smeltevatn, og Grimsmoen vart avsett som eit isranddelta i denne såkalla Øvre Glomsjø. Grimsmoen er den mektigaste lausmasseavsetninga i innlandet.
Grimsmoen er rik på kvartærgeologiske former som eskerar, spylerenner, dødisgroper og terrassar. Området er for det meste bygd opp av grove og sjølvdrenerande massar. Nokon av dødisgropene er vassfylte, mens dei fleste er tørre eller attvakse til myr. Vegetasjonen er stort sett lavfuruskog. Grimsmoen er verna som naturreservat.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.