Kaupanger er ein tettstad i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1075 innbyggjarar (2023).
Kaupanger omfattar størstedelen av halvøya mellom Sognefjorden og sidefjorden Sogndalsfjorden. Store delar tilhøyrer storgardane Kaupanger og Amla. Fjella på halvøya når ikkje så høgt som elles i Sogn, og ein finn store samanhengande barskogområde.
Kaupanger tettstad ligg innerst i Amlabukti. Lerum Konserves er den største produsenten i landet av saft og syltetøy. Bedrifta flytta syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen frå Sogndalsfjøra til anlegget på Kaupanger i 2016–2018.
På Kaupangerskogen nord for tettstaden ligg De Heibergske samlinger, Sogn folkemuseum, som er kjent for å ha Noregs største reiskapssamling. Ved Amlabukta ligg Sogn Fjordmuseum. Her ligg òg Kaupanger stavkyrkje. Kaupanger hovudgard og området rundt vart freda i 2002. På Kaupanger låg ein handelsplass, Lúsakaupangr, som kong Sverre lét brenne i 1184.
Det er ferjesamband med Gudvangen i sumarhalvåret. I lia ovanfor Kaupanger fører veg og tunnel under Amlafjellet til Mannheller med ferje over Sognefjorden til Fodnes og vidare vegsamband til Lærdal gjennom Fodnestunnelen på riksveg 5 og til Årdal på riksveg 53.
Kaupanger 3 kraftverk er eit vasskraftverk som ligg ved Kaupangerskogen industriområde.
Kommentarar (2)
skreiv Christoffer Knagenhjelm
svarte Signe Witsø
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.