Faktaboks

Også kjend som

Hausvika, Hausvik

Innbyggjartal
581 (SSB, 2023)
Landareal
0,4 km²
Tettstadsnummer
5221 Hausvik

Haus er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 581 innbyggjarar (2023).

Haus ligg på sørvestsida av Osterøya. I tettstaden ligg Haus kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1874.

Frå Kvitsteinhella på sørspissen av Osterøya, rundt tre km sør for Hausvik, går Osterøybrua på Fv. 566 over Sørfjorden til E 16 i Herland i Bergen kommune, opna i 1997.

Haus kommune

Haus var tidlegare ein eigen kommune, oppretta i 1837 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen omfatta då sør- og austdelen av Osterøya, i tillegg til fastlandet aust for Veafjorden (vestre del av noværende Vaksdal kommune) og området sør for Sørfjorden (seinare Arna kommune). Bruvik vart i 1870 skild ut frå Haus og oppretta som eigen kommune. Etter dette hadde Haus to hovuddelar: Dei sørlege og sentrale delane av Osterøya og fastlandet sør for Sørfjorden.

I 1964 vart Haus delt slik at fastlandsdelen vart ein ny kommune kalla Arna, som frå 1972 vart ein del av Bergen. Osterøydelen gjekk inn i den nye Osterøy kommune. Haus er i dag eit sokn som omfattar søraustre del av Osterøya.

Namn etter prestegarden Haus.

Kart

Haus
Haus
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Haus i soga og segn, utgjeve av Haus sogenemnd, 1937-, 6 b. i 9
  • Mjelde, Olav O. & Nils-Aksel Mjøs: Kyrkjene i Haus hovudsokn, 1984
  • Ættebok for Gjerstad og Haus, utgjevar: Osterøy sogelag, 1992