Vesaas gjorde ein stor og viktig innsats for nynorsk som scenespråk. Her følgde ho tradisjonen frå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg, som omsette og gjendikta verk frå verdslitteraturen til nynorsk. Ho gjekk i gang med arbeidet som omsetjar i midten av 1930-åra og gjendikta over femti stykke for scena til nynorsk – frå fransk, engelsk og tysk, frå skandinaviske språk og frå bokmål. Ho arbeidde for det meste for Det Norske Teatret, men også for Riksteatret, Fjernsynsteatret og Radioteatret.
Mest kjend er ho for å ha gjendikta kjende drama av dei franske klassisistane, til dømes Fedra av Jean Racine og Lærde damer av Jean-Baptiste Molière. Fedra, som hadde norsk premiere på Det Norske Teatret 23. januar 1960, er eit høgdepunkt. Vesaas greidde å skape eit elastisk nynorsk scenespråk ved å sameine patos og poesi med enkelt kvardagsleg talespråk, samstundes som ho heldt språket innanfor den strenge klassisistiske verseforma til Racine, aleksandrinar.
Andre høgdepunkt er nynorske gjendiktingar av verk av William Shakespeare, mellom anna Romeo og Julie, Stormen og Ein midtsommarnattsdraum, og av Johann Wolfgang von Goethes Faust og Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht. Ho gjendikta òg teaterstykke av moderne europeiske forfattarar som Luigi Pirandello, Albert Camus, Friedrich Dürrenmatt, Botho Strauss og Milan Kundera.
Dramagjendiktingane, på same måten som lyrikken, er prega av Vesaas si evne til å kople høgpoesi og daglegspråk innanfor strenge litterære mønster. Ho samarbeidde med teaterfolk, regissørar og skodespelarar og utforma dialogar i eit musikalsk og elastisk nynorsk scenespråk, tilpassa levande, moderne menneske.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.