Faktaboks

Tarjei Vesaas
Fødd
20. august 1897, Vinje, Noreg
Død
15. mars 1970, Oslo, Noreg
Virke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Olav Vesaas (1870–1951) og lærar Signe Øygarden (1870-1953).

Gift 12.4.1934 med forfattar Halldis Moren (1907–95; sjå Halldis Moren Vesaas).

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Tarjei Vesaas
Av /NTB ※.

Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Tarjei Vesaas
Av /NTB ※.

Tarjei Vesaas var ein norsk forfattar og ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i åra 1940–1970. Han er først og fremst kjend for romanane sine. Vesaas er kjend for å framstille sinn og kjensler hos barn og unge, som i skildringa av Siss og Unn i Is-slottet (1963). Slik framstilling kan òg gjelde vaksne som skil seg ut mentalt på ein eller annan måte, som Mattis i Fuglane (1957).

Vesaas fikk fleire viktige utmerkingar. I 1964 fekk han, som den første norske forfattaren, Nordisk råds litteraturpris. Han etablerte sjølv eit legat som kvart år deler ut Tarjei Vesaas' debutantpris.

Bakgrunn

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje i Telemark. Han vart kjend med litteratur heime – også foreldra og dei to yngre brørne las jamleg. Han lærte elles allslags praktisk arbeid heime på garden Vesås. Den formelle utdanninga han fekk utover folkeskulen, var ein vinter på Voss folkehøgskule, der styraren Lars Eskeland styrkte hans litterære interesser. Folkehøgskulen var ein vanleg danningsveg for nynorske forfattarar tidleg på 1900-talet.

Åra heime på Vesås fram til debuten 1923, avbrotne av eit sju månaders opphald i hovudstaden som gardist i 1918–1919, var einsame og vanskelege, skriv han sjølv i boka Om skrivaren, og skrivinga kom til å bli viktigare og viktigare for han.

Med medlemskap i Den norske Forfatterforening fekk Vesaas høve til å gjere fleire lange stipendreiser til storbyar i Europa i åra 1925–1933. Fleire av bøkene hans i denne perioden er dels skrivne i utlandet, men ber få ytre merke av det. Dei lengste opphalda hadde han i München i Tyskland, der han likte seg best. Våren 1933 kom han heim, som trulova mann, og 1934 gifte han seg med Halldis Moren og vart bufast på Midtbø, garden i Vinje som han tidlegare hadde kjøpt av ein onkel. Odelsgarden Vesås tok ein yngre bror over.

Forfattarskap

Forfattarskapen til Vesaas omfattar mange sjangrar, først og fremst romanar, noveller og lyrikk, men han skreiv òg skodespel, høyrespel, essays, artiklar og reisebrev. Sakprosaen hans vart ikkje gitt ut i bokform, men samlinga Huset og fuglen inneheld eit utval av sakprosa- og fiksjonstekstar som ikkje tidlegare hadde vori publisert i bokform.

Dei første bøkene hang fast i nyromantisk tradisjon, men frå og med Dei svarte hestane (1928) kom det meir realisme og samtidsmedvit inn, og på 1940-talet blei dei meir eksperimentelle og lyriske.

Debut

Etter eit par refusjonar debuterte Tarjei Vesaas som romanforfattar i 1923 med Menneskebonn. Både i denne boka og i dei neste er mennesket lite, hjelpelaust og einsamt, bunde til tunge eksistensielle kår. Det gir dei eit dystert-romantisk og stundom sentimentalt preg. Dei svarte hestane (1928) bryt med dette stilpreget gjennom ein sterkare realistisk skrivemåte, med større vekt på miljøskildring og ei meir samansett og spennande handling.

Dyregodtbøkene

Vesaas prøvde seg også i det store episke formatet i romanserien om Klas Dyregodt, men utan heilt å lykkast. Den første boka i serien, Fars reise (1930), er den beste. Den store, dirrande dammen og angsten for katastrofen om dammen skulle breste, gir romanen ei trugande stemning. Brytninga mellom livsangst og lagnadstru på den eine sida og livsvilje og livstru på den andre pregar også Klas’ utvikling i dei to neste bøkene, Sigrid Stallbrok (1931) og Dei ukjende mennene (1932), men vekta ligg tungt på undergang og forfall, inntil Klas, på randa til sjølvmordet, høyrer dei forløysande orda «Du rår deg sjølv, Klas.»

Isolasjons- og einsemdstematikken er sentral i heile forfattarskapen til Vesaas, men den fjerde boka om Klas Dyregodt, Hjarta høyrer sine heimlandstonar, har eit heilt anna og lysare stemningspreg enn dei tidlegare.

1933 gav Vesaas ut romanen Sandeltreet, ein liten, merkeleg og undervurdert roman, som peikar mot den formeksperimenterande Vesaas i 1940-åra.

Gjennombrot: Det store spelet

I 1934 kom gjennombrotsromanen Det store spelet.
Av /Gyldendal.

Den store gjennombrotsromanen er Det store spelet frå 1934, som fekk samtidskritikken til å juble. Hovudpersonen i romanen er odelsguten Per Bustad som gjennom heile oppveksten søkjer etter meining i skjeringspunktet mellom natur, landskap, gard og krinsløpet i livet. Her var eit bondemiljø og ei harmonisering av motsetningar som kritikarane kunne identifisere seg med. Det er eit tydeleg vitalistisk innslag i Det store spelet, «ei fælsleg makt bakom som dreiv menn og kvinner saman, og ikkje spurde etter kor vondt eller godt dei fekk leva som var slengde inn». Dette vitalistiske preget er enda tydelegare i framhaldet, romanen Kvinnor ropar heim (1935)

Formeksperiment (1940-talet)

Vesaas kalla 1940 eit «tidskifte» og eit «tenkjemåte-skifte» som «førde med seg ny skrivemåte, utan vidare». I tråd med dette kunne han kalle Kimen «eit deleteikn» i forfattarskapen sin. Den rekkja av romanar som Kimen innleier, er prega av Vesaas’ utprøving av og eksperimentering med romanforma og resulterer i fleire ulike formvariantar og typar brot med den litterære realismens konvensjonar. Men lesen på langs ser ein også tydeleg den indre samanhengen i forfattarskapen som gjer det problematisk å operere med for skarpe faseinndelingar.

Handlinga i Kimen er konsentrert til eitt døgn, og døgnfasane blir utnytta symbolsk. Handlinga går føre seg på ein liten og tilsynelatande fredeleg øy. Den unge mannen, Andreas Vest kjem til øya og blir tilfeldigvis vitne til ein grisefødsel som endar i tragedie. Den traumatiske opplevinga fører han ut av psykisk balanse, og han endar med å ta livet av ei yngre jente. Ingen på øya kjenner Andreas, og handlinga hans utløyser brutale reaksjonar hos dei hemntørste øybuarane. I raseri lynsjar folkemengda han. I resten av romanen følgjer me sjølvransakinga i øysamfunnet, korleis innbyggjarane prøver å forstå det som skjedde, ta eit oppgjer med den brutale handlinga og handtera den følgjande skuldkjensla. Den eksistensielle tematikken, med erkjenning av skyld, soning og oppreising, blir knytt til ein fortetta, dramatisk situasjon, ikkje til eit langt, episk forløp som i Dyregodtbøkene og Bufastbøkene. Kimen innleier ein den mest verdsette fasen i forfattarskapen.

Huset i mørkret (1945) er òg ein allegorisk roman der tittelen viser til «Noreg under okkupasjonen» på det overførte meiningsplanet. Handlinga i boka går føre seg i eit hus som er okkupert av menn med piler på uniformene sine. Med sine løynde gangar og farlege rom er huset ikkje eit vanleg hus, men ein labyrint som speglar eit heilt samfunn under press. Stiliseringa av personar og rom gjer det lett å overføre teksten til konkrete grupperingar, forhold og stemningar under okkupasjonen.

Bleikeplassen (1946) og Tårnet (1948) vart skrivne under den tyske okkupasjonen, før Huset i mørkret, og manuskripta låg nedgravne i ein sinkboks til andre verdskrig var slutt. Begge desse romanane er karakteriserte av ein konsekvent symbolbruk knytt til titlane og eit fokus på indre problem, og dessutan mangel på kommunikasjon

Dei ytre forholda i Bleikeplassen (1946) er vaskinga av skitne klede i vaskehuset og bleikinga av dei. Handlinga i romanen er eit klaustrofobisk firkantdrama. Johan Tander lever i eit havarert ekteskap med Elise, medan tankane hans i stadig større grad krinsar rundt Vera, ei av kvinnene som arbeider i vaskeriet hans. Vera, derimot, er meir oppteken av Jan Vang, ein skogsarbeidar som leiger rom i det same huset som vaskeriet ligg i. Elise prøver å vinna Tander tilbake, men forsøket slår feil og fører berre til at Tanders forakt for Jan Vang aukar. For Vesaas er det likevel ikkje sjølve ytre handlinga som er det vesentlege, men skildringa av dei indre prosessane: tilsulkinga av sinnet til hovudpersonen Johan Tander og den reinsinga, eller lutringa, han går gjennom til slutt.

Tittelbildet i Tårnet (1948) er meir samansett og uklårt. Romanen går føre seg i eit stilisert landskap med få, men markante element. Det er ein gard, ein bilverkstad på kvar side av ein veg, ei elv og ei bru. I dette avgrensa rommet blir to familiar stilt opp mot kvarandre. Ei rusten tagg på bilverkstaden skadar og drep eit lite barn, noko som utløyser vidare ulukker, mellom anna sinnssjukdom og død. Symbolet i tittelen kan koplast til samvit og rettferd og menneskelege ressursar, men også til eit veldig skyldkompleks og eit demonisk forsøk på å løyne årsaka til skulda som faren Randolf og sonen Nils har ført på seg.

Signalet (1950) ein av dei mest symboltunge romanane til Vesaas. Romanen skaper eit absurd univers som gir assosiasjonar til både Kafka og Beckett utan at det er tale om direkte påverking. Handlinga er lagt til ein togstasjon. Ulike menneske samlar seg der for å leggje ut på reise, men signalet som skal sette toget i fart, kjem aldri. Ei diffus kjensle av angst og skam gjer dei reisande handlingslamma og passive.

I Vårnatt (1954) dramatiserer Vesaas fjortenåringen Hallsteins og den eldre søstras møte med ei vaksen, forvrengd verd som «bankar hardt på ytterdøra». Historia utspeler seg i en vårnatt. Søskenparet er åleine heime når ein bil med fem personar stansar utanfor huset. Dei treng hjelp med det same, for ei ung kvinne i bilen er høggravid og fødselen er allereie i gang. Mannen hennar hamnar stadig i krangel med far sin, medan den nye kona til faren sit att i bilen. Ho er openbert sjuk, og har òg ein konfliktfull relasjon til mannen. Den femte personen i bilen er den 13 år gamle Marit, syster til barnefaren, som Hallstein blir interessert i. Det er ei komprimert forteljing om dramatiske hendingar i løpet av ei natt, her er det fødsel og død, konfliktar og kjærleik. Skildringa av søskena viser at både Hallstein og søstra har ein sterk vilje og ei stor evne til å integrere det nye og konfliktfylte livsinnhaldet.

Fuglane

Det er først og fremst på grunn av Fuglane (1957) at Vesaas har ei særstilling i norsk 1900-tals kanon. Her balanserer han lyrisk symbolikk og realistisk enkelheit på ein verknadsfull måte. Handlinga går føre seg på to plan. Den eine er det konkrete, gjenkjennelege norske bygdelandskap med skog, vatn og små gardar der menneske lever under tronge kår. Det andre planet finst i hovudpersonen Mattis sin rike fantasi og avvikande sinn, det er ei verd full av symbol, der hendingar i naturen får ei kosmisk betydning.

Mattis klarer ikkje å passa inn i den trivielle verda, mellom anna når det gjeld å utføra «gagns arbeid». Denne verda blir styrt av tre eigenskapar han sjølv manglar: intelligens, fysisk styrke og skjønnheit. Samtidig har ei eiga evne til å tolka naturfenomen som teikn frå vennlege eller farlege symbolvesen. Rugda høyrer til dei førstnemnde, og Mattis opplever at han kan kommunisera med fuglen på sitt eige språk.

Då søster hans, Hege får ein kjærast, opplever Mattis at han mistar den einaste som er solidarisk med han. Han prøver denne krisa ved hjelp av ei symbolsk handling. Han ror ut på vatnet i båten sin og når det blæs opp til storm, overlèt til naturkreftene å avgjera lagnaden hans. Det sentrale spørsmålet i romanen gjeld Mattis’ identitet; er han ein «tust» eller ein poet? Vesaas si særlege interesse for Mattis-figuren kjem tydeleg fram ved at han brukte motivet både i diktet «Tomselegende» (1949) og i novella «Tusta» frå 1952.

Vårnatt og særleg Fuglane integrerer det realistiske og det symbolske på meisterleg vis, medan Brannen (1961), med si ekspresjonistiske framstilling, bryt radikalt med realismens konvensjonar. Som i Vårnatt skjer det ein dramatisk konfrontasjon mellom ungguten Jon og verda, som dels er ei ytre verd og dels ei indre, marerittaktig verd. Den ytre handlinga følgjer Jon på ei vandring gjennom natta. Han har nyleg flytta til ein tettstad og bur åleine i eit høghus. Ei uventa telefonoppringing får han til å forlata leilegheita, og ute hamner han i ei rekkje urovekkjande og opprivande situasjonar. Jon lèt seg leia av menneska han møter, og på den måten blir han også trekt inn i ein leiteaksjon etter ei sakna jente. Han finn henne til slutt, men ho døyr i armane hans. Som i mange av Vesaas’ romanar rommar den ytre handlinga, i dette tilfellet den samanhengande vandringa, ei indre utvikling, Jons kamp med seg sjølv og med alle inntrykka han blir konfrontert med. Romanen er skriven i skuggen av atomopprustinga og fungerer som eit varselrop til menneska. Også i denne dystre og pessimistiske romanen er det eit spinkelt håp knytt til det avsluttande signalet frå den unge jenta som ofrar livet i protest.

Is-slottet

Is-slottet (1963) er, som Fuglane, eit høgdepunkt i forfattarskapen. Handlinga i romanen byrjar med at to elleveårige jenter, den opne, lett omgjengelege Siss og den skjøre, foreldrelause Unn knyter ein unik vennskap. Unn fortrur Siss ein løyndom, før ho, driven av ei dragning mot døden, forsvinn inn i is-slott som er danna av ein frosen foss. Siss blir overvelda av sorga og går inn i ei psykologisk krise. Først etter at is-slottet smeltar om våren, opplever ho ei form for forløysing og finn gradvis tilbake til livet.

I Is-slottet framstiller Vesaas tankar og kjensler hos to heilt unge jenter i pressa situasjonar så intenst og overtydande at det har gitt romanen plass mellom dei fremste i si tid. Romanen utforskar ikkje berre vesenet til vennskapen, men også menneskets grunnleggjande einsemda og lengten etter å frigjera seg frå den. Is-slottet har ein spesiell form. Han har ein enkel medrivande forteljing, men er samstundes lyrisk og symbolsk, assosiativ og ugripeleg. Handlinga stansar hyppig opp og blir følgd av tekstar, dikt, prosadikt, episke tekstar som kommenterer det tematiske. Tittelsymbolet, isslottet, er solid forankra i romanens vinterrom, som eit fysisk og psykisk kompleks, eit vakkert, fortrollande og dødsfarleg ispalass.

Bruene liknar Is-slottet formalt, i vekslinga mellom den realistiske forteljinga og dei lyrisk-symbolske tekstane som utdjupar og perspektiverer handlinga. Romanen handlar om tre ungdommar, ei ung ugift mor som drep barnet sitt ved å kvela det, ein ung gut og ei jente som blir knytt til henne etter denne tragiske hendinga. Det sentrale symbolet er den gamle steinbrua som ber landevegen over ei djup elv. Brua fungerer som eit samlingspunkt i handlinga og er eit bilete på dei mellommenneskelege relasjonane. Som i Vårnatt og Brannen er evna til mogning og viljen til ansvar sterk hos dei unge.

Vesaas’ siste, sjangeroverskridande prosabok, Båten om kvelden, skil seg formalt ut frå alle dei andre bøkene i forfattarskapen. Ragnvald Skrede kalla boka «ein novellistisk utforma sjølvbiografisk roman» og får på det viset fram nokre viktige sjangertrekk ved boka. Båten om kvelden er også tydeleg ei sluttbok som tar opp att kjende motiv og tema frå forfattarskapen, men med den søkande holdninga like intakt.

Noveller

På sitt beste er novellisten Vesaas fullt på høgd med romanforfattaren. Det syner han døme på i alle sine fire samlingar, men Vindane (1952) er den beste og jamnaste. Mange av hans meisternoveller har barn i hovudrollene, som den vesle skuleguten i «Vesle-Trask» som sit full av kunnskap, men ikkje får eit ord til å låte når den nervøse unge lærarinna spør framfor eksamensnemnda.

I dei to første samlingane, Klokka i haugen (1929) og Leiret og hjulet (1936), har fleire av novellene motivisk og tematisk tilknyting til Bufast-bøkene. Leiret viser til det skøyre og forgjengelege, hjulet til lagnaden og den ustanselege tida. Motsetninga har, som i Det store spelet, eit vitalistisk grunnlag.

Den siste novellesamlinga, Ein vakker dag (1953), er meir ujamn enn Vindane, men har eit høgdepunkt som Det snør og snør, som peikar mot formspråket i romanar som Brannen. Men dei fleste novellene til Vesaas står nærmare formspråket i Fuglane og Is-slottet, med sine symbolske utvidingar og perspektiveringar av ein gjenkjenneleg ytre røyndom.

Dikt

Vesaas skreiv både dikt og prosadikt i tida før og omkring romandebuten 1923, men noka diktsamling gav han ikkje ut før Kjeldene i 1946. I dei 10 åra som følgde, kom det fire samlingar til, men så gjekk det heile 14 år før den siste samlinga, Liv ved straumen, kom ut. Som lyrikar er ikkje Vesaas så formalt nyskapande som han er som romanforfattar, men han høyrer likevel til dei fremste lyriske modernistane i 1940- og 1950-åra.

Kjeldene har dikt i både tradisjonell metrisk form og i frie vers, men i dei seinare samlingane er det dei frie versa som heilt dominerer. Det gamle, tradisjonelle reise- eller vandringsmotivet ligg til grunn for store delar av Vesaas’ lyrikk, slik tittelen på samlinga Lykka for ferdesmenn signaliserer. Vesaas’ dikt tematiserer ofte spenningar mellom det nære og det fjerne, mellom det trygge og det utrygge, det kjente og det ukjente, det flyktige og det varige, mellom lykke- og angstopplevingar. I fleire dikt, særleg i dei første samlingane, er tematikken og det etiske engasjementet knytt til ein historisk kontekst prega av den kalde krigen og angsten for atombomba.

Høgdepunktet som lyrikar nådde Vesaas i si siste samling frå dødsåret 1970. Ho har eit stort tematisk spenn, samtidig som humoren i fleire dikt skaper ein forsonande distanse til dei store motseiingane og spørsmåla som har prega den lyriske forfattarskapen hans.

Dramatikk

Tarjei Vesaas lærte seg tysk og såg mykje teater. Særleg det ekspresjonistiske teatret appellerte til han, og han prøvde å skrive modernistiske skodespel sjølv, men det var lita interesse for ekspresjonistisk teater både i forlaget og i teatermiljøet i Noreg.

Prosten vart oppførd på Det Norske Teatret i utgivingsåret 1925, og Guds bustader same stad i 1928, med tittelen Frå fest til fest. Begge stykka vart stort sett slakta av dei leiande kritikarane. Antikrigsstykket Ultimatum vart oppført på Det Norske Teatret 1934, med blanda kritikk.

Vesaas’ kjærleik til teatret var ulykkeleg om suksess er målestokken. Skodespelversjonen av romanen Bleikeplassen, framførd på Det Norske Teatret 1953, vart hans største og einaste teatersuksess. Stykket vart også sett opp i Göteborg og i Helsingfors, og Fjernsynsteatret sende det som Nordvisjons-stykke 1965.

Morgonvinden, med handling frå motstandsarbeidet i eit okkupert land, oppført på Det Norske Teatret 1947, var det siste stykket Vesaas skreiv direkte for scenen. 1958 spela det same teatret tre småstykke (Laurdagskveld, 21 år og Avskil med treet) med fellestittelen Vår eigen song. Dette er tekstar som Radioteatret hadde oppført tidlegare.

Vesaas bidrog med hell til høyrespelsjangeren. Radioteatret framførde også Tøyveret, Det rare, Sabelskuggen, Blå knapp borte og Regn i hår. Høyrespela var dels dramatiseringar av noveller, dels skrivne parallelt som noveller og høyrespel. Det siste høyrespelet Vesaas skreiv for Radioteatret, var Ultimatum, basert på skodespelet frå 1934.

Filmatiseringar

Fleire av Vesaas’ romanar har også vorte filmatiserte. I 1973 vart Brannen filmatisert av den norske regissøren Haakon Sandøy. Kimen vart òg filmatisert i Noreg i 1974, regissert av Erik Solbakken. To år seinare laga han film basert på Vårnatt. Is‑slottet fekk sin filmversjon i 1987 i regi av Per Blom. Den mest kjende filmatiseringa av Fuglane er den polske versjonen frå 1968, regissert av Witold Leszczyński. I 2019 kom den første norske filmatiseringa av Fuglane, regissert av Anders T. Andersen.

Med tittelen La Barque Le Soir skapte den franske regissøren Claude Régy ein teaterproduksjon basert på Båten om kvelden. Oppsetninga vart vist i Noreg i 2015, saman med filmen Brume de Dieu (Guds tåke), iscenesett av Regy og regissert av Alexandre Barry. Med utgangspunkt i eit kort utdrag frå Fuglane formidlar filmen Mattis’ indre tankeverda på ein hypnotisk og intens måte.

Ein privat forfattar

Det var først og fremst som forfattar Vesaas var ein offentleg person. Han var rett nok eit samfunnsengasjert menneske, men tok lite del i offentleg ordskifte. Vesaas gav avkall på Statens æresløn, på Statens æresbustad, Grotten, og på kommandørkorset av St. Olavs Orden av di det ikkje «heng i hop med heile min natur», som han skreiv. Spenninga mellom privatpersonen, det smålåtne, alminnelege og balanserte bygdemennesket, og den dristige, modernistiske forfattaren med sitt besettande innsyn i angst og gru, er stor og merkeleg.

Tarjei Vesaas' debutantpris

Vesaas etablerte legatet Tarjei Vesaas’ debutantpris, som kvart år blir delt ut til den beste skjønnlitterære debuten. Legatet blei etablert med prispengane han fekk for Veneziaprisen og Nordisk Råds Litteraturpris.

Utmerkingar

Portretter m.m.

Utgivingar

Romanar

  • Menneskebonn, 1923
  • Sendemann Huskuld, 1924
  • Grindegard. Morgonen, 1925
  • Grinde-kveld eller Den gode engelen, 1926
  • Dei svarte hestane, 1928
  • Fars reise, 1930
  • Sigrid Stallbrok, 1931
  • Dei ukjende mennene, 1932
  • Sandeltreet, 1933
  • Det store spelet, 1934
  • Kvinnor ropar heim, 1935
  • Hjarta høyrer sine heimlandstonar, 1938
  • Kimen, 1940
  • Huset i mørkret, 1945
  • Bleikeplassen, 1946
  • Tårnet, 1948
  • Signalet, 1950
  • Vårnatt, 1954
  • Fuglane, 1957
  • Brannen, 1961
  • Is-slottet, 1963
  • Bruene, 1966
  • Båten om kvelden, 1968

Novellesamlingar

  • Klokka i haugen, 1929
  • Leiret og hjulet, 1936
  • Vindane, 1952
  • Ein vakker dag, 1959

Diktsamlingar

  • Kjeldene, 1946
  • Leiken og lynet, 1947
  • Lykka for ferdesmenn, 1949
  • Løynde eldars land, 1953
  • Ver ny, vår draum, 1956
  • Liv ved straumen, 1970

Dramatikk

  • Prosten, skodespel, 1925
  • Guds bustader (eller Frå fest til fest), skodespel, 1925
  • Ultimatum, skodespel 1934, høyrespel 1963
  • Morgonvinden, skodespel, 1947
  • Tøyveret, høyrespel, 1952
  • Det rare, høyrespel, 1952
  • Bleikeplassen, skodespel, 1953
  • Sabelskuggen, høyrespel, 1953
  • Blå knapp borte, høyrespel, 1956
  • Vår eigen song, skodespel, 1958
  • Regn i hår, høyrespel 1958

Sakprosa

  • Huset og fuglen (red. W. Baumgartner), 1971

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • R. Skrede: Tarjei Vesaas, 1947
  • J. E. Vold (red.): Tarjei Vesaas. Et skrift lagt fram på Kulturutvalgets Tarjei Vesaas-aften i Universitetets Aula 14. mars 1964, 1964
  • Vesaas 1897 – 20. august – 1967 (med bibliografi), 1967
  • K. Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning. Å sanse det slik det er, 1969
  • H. M. Vesaas: I Midtbøs bakkar, 1974
  • H. M. Vesaas: Båten om dagen, 1976
  • T. Vesaas: Om skrivaren (1963), i Skrifter i samling, bd. 1, 1987
  • Tarjei Vesaas, spesialnummer av café Existens. Tidskrift för nordisk litteratur nr. 39/40, Hamburgsund 1988
  • O. Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas, 1995
  • S. Gimnes (red.): Kunstens fortrolling. Nylesingar av Tarjei Vesaas’ forfattarskap, 2002
  • B. Aamotsbakken: «Det utrulege greineverket». Lesninger av Tarjei Vesaas’ lyrikk, 2002
  • S. J Paulson & R. C. Granaas, red.: Dobbeltblikk på Vesaas, 2009,
  • L. P. Wærp: Engasjement og eksperiment. Tarjei Vesaas’ romaner Huset i mørkret, Signalet og Brannen. Oslo 2009

Faktaboks

Tarjei Vesaas
Historisk befolkingsregister-ID
PFd00118031970M15013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg