Faktaboks

Jan Otto Myrseth
Fødd
2. juni 1957, Sykkylven
Jan Otto Myrseth
/Den norske kyrkja.

Jan Otto Myrseth er ein norsk teolog og prest. Han har vore biskop i Tunsberg bispedømme sidan september 2018.

Utdanning

Han er utdanna cand.theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1988. Han tok praktisk-teologisk eksamen same stad i 1989 og vart ordinert i Ikornnes kyrkje same året. Han har teke videreutdanning i liturgikk.

Karriere

Myrseth var vikarprest i Tunsberg bispedømme frå 1989, sokneprest i Norderhov frå 1991, prost i Ringerike prosti frå 2004. Han var domprost i Bergen frå 2010 til han blei tilsett som biskop i Tunsberg i 2018. Han har vore sjukehusprest i deltidsstilling ved Ringerike sjukehus og lærar i homiletikk (preikelære) ved Menighetsfakultetet.

Familie

Jan Otto Myrseth er bror til Ottar S. Myrseth.

Les meir i Store norske leksikon