Faktaboks

Innbyggjartal
4 755 (2024)
Landareal
2,9 km²
Tettstadsnummer
5092 Odda

Tettstaden Odda med Odda Smelteverk ligg inst i Hardangerfjorden.

Av /KF-arkiv ※.
Odda, 2005.
Odda
Av /NTB.

Odda er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,9 km², og har 4764 innbyggjarar (2023).

Odda er administrasjonssenter i Ullensvang kommune. Tettstaden ligg ved botnen av Sørfjorden på begge sider av Opo, elva mellom Sørfjorden og Sandvinvatnet ovanfor. Odda er den største tettstaden i Hardanger. Tettstaden er eit viktig handels- og servicesenter for Indre Hardanger og eit viktig samferdselsknutepunkt.

Odda har frå 2004 bystatus etter kommunalt eigenvedtak. Odda var tidlegare ein eigen kommune (sjå Odda kommune), men vart i 2020 slått saman med Jondal og Ullensvang til nye Ullensvang kommune. Odda vart kommunesenter i den nye kommunen.

Historie

Knud Knudsen var ein av dei fyrste fotografane i Noreg. Han var spesielt verksam på andre halvdel av 1800-talet og blir rekna av mange som fotografen som skapte «det norske biletet». Knudsen vart fødd i Odda.

«Kone og pige fra Hardanger»
Av /Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Odda har lange tradisjonar både som turist- og industristad. Det starta med turisttrafikk sist på 1800-talet, då Odda var blant dei viktigaste turistmåla i landet. Men verkeleg stor vekst fekk staden med vasskraftutbygginga og industrireisninga i kommunen som starta først på 1900-talet. Denne utviklinga gav tilbakegang i turisttrafikken, og først frå 1970-talet og utover har turisttrafikken igjen vist vekst.

Hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagd ned i 2003. Industriarven i Odda-Tyssedal vart i 2009 oppført på Noregs tentative liste til UNESCOs verdensarvliste saman med Rjukan–Notodden industriarv. Sistnemnde vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2015.

Fotografen Knud Knudsen vart fødd i Odda. Han var ein av dei fyrste profesjonelle fotografane i Noreg.

Samfunn

I dag er Odda prega av offentleg administrasjon og tenesteyting, som forutan den kommunale verksemda òg omfattar mellom anna Odda sjukehus (del av Helse Fonna HF) og ein fylkeskommunal vidaregåande skule.

Den største industriverksemda er Boliden Odda, som produserer metallisk sink på Eitrheimsneset lengst nordvest i tettstaden.

Kultur

Etter nedlegginga av smelteverket har kulturlivet blitt stadig viktigare i byen med mellom anna Litteratursymposiet i Odda. Utgangspunktet for mykje av den litterære satsinga er Sentralbadet Litteraturhus på smelteverkstomta. I nabobygda Tyssedal ligg Kraftmuseet, eit verna kraftverk som kombinerer vasskrafthistorie med konsertar, utstillingar og familieaktivitetar gjennom året.

Ei rekkje norske forfattarar er fødde i Odda, mellom anna:

Andre kjende personar fødde i Odda inkluderer mellom anna:

Maleri av en trebåt med ti mennesker i. I baugen sitter en mann med lys jakke og spiller fele. En mann med flosshatt ror. En mann står midt i båten med ryggen til og et gevær i hendene. To kvinner i bunad sitter vendt mot betrakteren. Bakerst sitter en kvinne med bunad og brudekrone. Vannet er stille og blankt i bakgrunnen sees flere båter, en stavkirke, bratte fjellsider og fjelltopper med snø.

«Brudeferd i Hardanger» frå 1848. Tidemands og Gudes fellesarbeid er eit typisk uttrykk for nasjonalromantikken i norsk kunst, med eit festkledt brurefylgje i båt på ein solfylt vestlandsfjord. Både brurefylgjet og fjordlandskapet er konstruerte. Naturen skal vere måla etter inntrykk frå innsjøen Sandvinsvatnet ved Odda og frå Lustrafjorden i Sogn og Fjordane.

Av .

Kart

Kart over Odda.
Odda, kart
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg