Faktaboks

Offisielt namn
MEDIEHUSET NETTAVISEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
1996
Dagleg leiar
Alexandra Beverfjord
Styreleiar
Ingrid Skogrand
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nettavisen er ei norsk nettavis som har redaksjon i Oslo. I tillegg til døgnkontinuerleg oppdatering av nyheitssaker på nettet produserer Nettavisen kvar fredag ei e-avis i Pdf-format.

Gunnar Stavrum var ansvarleg redaktør frå 2003 til 2026 og utvikla Nettavisen til å bli ei av landets leiande nyheitsaviser. Frode Hansen er frå 2026 sjefredaktør, og Alexandra Beverfjord ansvarleg redaktør og dagleg leiar.

Gjennomsnittleg dagleg lesartal var 456 783 i fjerde kvartal 2025 (460 644 i tilsvarande periode i 2024), ifylgje Mediebedriftenes Landsforening.

Nettavisen er primært ei digital nyheitsavis, men satsar også tungt på kommentarar og analyse. I tillegg til å dekkje det generelle nyheitsbiletet, prioriterer avisa også sportsarrangement. Nettavisen produser ei rekkje podkastar, mellom anna «Ukrainapodden», «Serieguiden» og «Stavrum & Eikeland».

Historie

Nettavisen vart grunnlagd av Odd Harald Hauge, Knut Ivar Skeid og Stig Eide Sivertsen i 1996. I 1999 vart avisa kjøpt av det svenske nettselskapet Spray (frå 2000 ein del av amerikanske Lycos). Nettavisen var eigd av TV 2 i perioden 2002–2008, og inngjekk frå 2008 i Mediehuset Nettavisen, som frå 2009 vart eigd 50-50 prosent av Egmont Gruppen og A-pressa (frå 2012 Amedia AS. Etter avtale mellom dei to eigarane overtok Amedia AS hundre prosent av aksjane i Nettavisen frå 2018.

Fakta

  • Etablert 1. november 1996
  • Heileigd av Amedia frå 1. januar 2018

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.120 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg