Safawiyya, eller safavidane, er ein sufiorden og eit dynasti som grunnla staten Iran i 1501. Det vart grunnlagt av Safi al-Din al-Ardabili (1252–1334) mellom tyrkisk-talande stammar på 1300-talet, men det var etterkommaren Isma’il Safawi (1488-1524) som samla Iran til eitt land. Safawiyya-ordenen var slik sterkt knytt til den politiske makta og til qizilbash-stammane som hadde ført Isma’il til makta.
Faktaboks
- Uttale
-
safaw'iyya
- Etymologi
-
arabisk/persisk, frå grunnleggaren Ṣafī al-Dīn al-Ardabīlī
- Også kjend som
-
safavidane
Safi al-Din var leiar av ein lokal sufi-losje i Gilan sør for Kaspihavet, men under han og sonen Sadr al-Din (1305–1392) spreidde læra hans seg raskt mellom dei turkmenske (tyrkisk-talande) stammane i området. Dette var ein region der både sunnisk og sjiisk islam var utbreidd. Safi al-Din var sunni, mens hans etterkommar Junayd (død 1460) konverterte brorskapet i 1448 til ein sjiisme som var sterkt prega av isma’ilisk esoterisme. Medlemmene i brorskapet bar raude luer, og derfor vart kalla «raud-hovud» (qizil-bash). Sentralt i deira sufisme var absolutt lydnad til den familiemedlemmen som leia brorskapet, og dei vart raskt til ein slagkraftig militær styrke. Ordenen vart slik til ein politisk maktfaktor som under den unge Isma’il etablerte ein stat ved Kaspihavet før han erobra store delar av det persisk-talande området heilt ned mot Persiabukta. Han utropte seg i 1501 til «konge» (shah) for ein stat som nå dekte omlag same område som dagens Iran, og innførte sjiaislam, nå i «tolvar»-versjon, som statsreligion i landet i 1502. Han kan derfor reknast som grunnleggar av staten Iran.
Safawiyya-ordenen vart med dette langt på veg forvandla til ein herskar-ideologi med grunnlag i qizilbash-stammane, som nå vart til eit privilegert aristokrati i staten. Det var også fleire safawi-inspirerte opprør i naboområda innanfor Det osmanske riket, men i Iran vart qizilbash-stammane etter kvart til eit problem for shahen. Dei vart derfor sist på 1500-talet skove til sides, og sufi-brorskapa vart i det heile nå sett på som mogelege utfordrarar til shah-makta. Det førte til ei allmenn undertrykking av sufi-ordenar i Iran, og dei siste som heldt oppe den gamle sufiske safawiyya-ordenen vart avretta i 1615. Safavide-dynastiet bygde etter dette på ein sjiisk identitet i staden for på sufisme, fram til det fall saman i 1722.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.