Faktaboks

Uttale

sjøhålt, sjølt, sjålt

Etymologi
norrønt Síholtar, første leddet tyder ‘sjø’ og siste leddet er holt i tydinga ‘lund’ eller ‘steinete bakke’.
Innbyggjartal
1550 (SSB, 2023)
Landareal
1,6 km²
Tettstadsnummer
6091 Sjøholt
Sjøholt
Tettstaden Sjøholt med Storfjorden.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Sjøholt er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,6 km², og har 1550 innbyggjarar (2023).

Sjøholt var til 2019 administrasjonssenter i daverande Ørskog kommune. Sjøholt ligg ved Ørskogelvas munning i Storfjorden. Sør for elveosen ligg Ørskog kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1873.

Her finst noko småindustri, mest verkstadindustri, møbelindustri, plast- og trevareindustri. På Sjøholt kjem Bygdebladet ut. Sjøholt Folkehøgskole, eigd av Indremisjonsforbundet, starta hausten 2021.

Gjennom Sjøholt går E 136 (Dombås–Ålesund) og E 39 (Kristiansand–Trondheim), og herfrå går fylkesveg 650 innover langs Storfjorden til Stordal og Norddal.

Kart

Sjøholt
Sjøholt
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon