Polar bane er ei type satellittbane som passerer over eller nær nordpolen og sørpolen til ein himmellekam. Uttrykket blir oftast brukt om satellittar som går i låg jordbane nær Nordpolen og Sørpolen på Jorda. For å kunne dekkje område på jordoverflata rundt polane, blant anna Noreg, med kommunikasjonssystem eller med jordobservasjonssatellittar i låg jordbane, er det nødvendig å bruke polare baner. I låg jordbane er omløpstida omtrent 90 minutt.
Faktaboks
- Også kjend som
-
polbane
Ei polar bane har ein ekvatorvinkel på mellom 80° og 100°.
Ein satellitt som går i polar bane vert kalla ein polarbanesatellitt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.