Polaris Media vart grunnlagt i 2008 ved samanslåing av Adresseavisen ASA og Harstad Tidende-gruppa.
Polaris Media overtok i 2009 avisene Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke med tilhøyrande lokalaviser frå Edda Media. Mediekonsernet overtok i januar 2015 Stjørdalens Blad, Malvikbladet og Opdalingen.
Polaris Media eig 10,1 prosent av TA-konsern (Trønder-Avisa Gruppen). Sidan 2017 har dei to mediekonserna forhandla med sikte på at Polaris skulle bli majoritetseigar i TA-konsern. I februar 2020 vedtok styret i TA-konsern å avslutte samarbeidet med Polaris og heller inngå ein tiårig teknisk samarbeidsavtale med Amedia.
Frå 1. januar 2020 er Polaris Media Sør AS etablert, med Agderposten Medier som deltakar (49 prosent). Det nye selskapet overtok frå same tidspunkt Fædrelandsvennen og fleire lokalaviser i Agder frå Schibsted.
Frå mars 2021 er Polaris Media største enkeltaksjonær i Mentor Medier AS, med ein eigardel på tolv prosent. Samtidig med aksjekjøpet inngjekk Mentor Medier AS og Polaris Media ein strategisk samarbeidsavtale.
Polaris Media og NWT Gruppen har frå rundt 2020 hatt eit nært samarbeid om eigarskap og utgjeving av regionale og lokale aviser i Sverige. Begge mediekonserna har vore dominerande eigarar av Stampen Media, som har basis på vestkysten av Sverige. Frå 2025 er Polaris Media eineeigar av Stampen Media gjennom eigarselskapet PNV Media.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.