Faktaboks

Tysse
Etymologi
opphaveleg elvenamn, antakeleg av norrønt þuss, þurs, ‘tuss, troll’

Tysse er ei tettgrend og administrasjonssenter i Samnanger kommune, Vestland fylke, ved utlaupet av Tysseelva (Samnangervassdraget) i Samnangerfjorden. Tysse høyrer med tettstaden Haga, som hadde 1072 innbyggjarar i 2020.

Gjennom tettgrenda går fylkesveg 5132. Denne tek av frå fylkesveg 48 som passerer tettstaden i Tyssetunnelen, mot sør langs Samnangerfjorden til Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Tysse er hovudsete for tekstilbedrifta AS Safa – Samnanger Fabrikker.

Kart

Tysse
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg