Atomnummer
I periodesystemet over alle grunnstoffa er atomnummeret for kvart grunnstoff oppgitt. For nitrogen er atomnummeret 7. Det betyr at det er 7 proton i kjerna av kvart nitrogenatom.
Atomnummer
Av .
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Atomnummer er det same som antal proton i atomkjerna i eit grunnstoff. I periodesystemet er grunnstoffa ordna etter atomnummeret.

Faktaboks

Også kjend som

kjerneladningstall, protontall, atomtall

Atomnummeret veks med ei eining for kvar plass ein går utover i periodesystemet. Det er 1 for hydrogen, 6 for karbon, 8 for oksygen, 26 for jern og 82 for bly og så vidare.

I eit nøytralt atom er talet på elektron likt atomnummeret.

For å definere antal partiklar eit atom er sett saman av, må ein oppgi både atomnummer og massetalet. Massetalet er likt summen av atomnummeret og nøytrontalet, som er talet på nøytron i kjerna.

Les meir i Store norske leksikon