Pressgjær, som også blir kalla fersk gjær

Pressgjær
Av .
Tørrgjær

Gjær er ulike mikroskopiske soppartar som spaltar sukker til alkohol og karbondioksid. Gjær blir brukt i gjærbakst, vinlegging og ølbrygging.

Faktaboks

Uttale

jær

Etymologi
av norrønt gerð, ‘det å gjere’

Gjær til baking

Gjærbakst blir laga med fersk gjær (pressgjær) eller tørrgjær. Surdeig er eit hevemiddel som gjer bruk av gjærsopp og mikroorganismar som finst naturleg i melet.

Pressgjær består av gjærceller og om lag 75 prosent vatn. Gjær blir mellom anna produsert av ei fortynna løysing av melasse som blir poda med ein kultur av gjærsopp. Stivelse blir tilsett for å gjere den meir haldbar. Pressgjær har avgrensa varigheit og skal oppbevarast kjølig.

Tørrgjær er tørka gjær i pulverform med lang haldbarheit. Tørrgjær blir brukt på same måte som pressgjær, men blir gjerne først blanda saman med mjølet, ikkje først saman med væske, slik som er vanleg for pressgjær.

Ølgjær

Ølgjær er gjærsoppar som blir brukte til brygging av øl.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg