Dolomitt er eit mineral som består av kalsium-magnesium-karbonat. Det har stor likskap med kalsitt (kalkspat), som i staden for både kalsium og magnesium berre har kalsium. Dolomitt kan skiljast frå kalsitt ved at det ikkje bruser i kald, fortynna saltsyre.
Faktaboks
- Også kjend som
-
dolomittspat, bitterspat (eldre betegnelse for magnesitt og dolomitt)
- Uttale
-
dolomitt
- Etymologi
- navn etter Déodat de Dolomieu, og -itt
- Engelsk namn
- dolomite
- Kjemisk formel
- CaMg(CO3)2
- Samansetning
- karbonat
- Hardleik
- 3½-4
- Massetettheit
- 2,85 g/cm³
- Krystallsystem
- trigonal
Dolomitt dannar blandkrystallar til ankeritt og til kutnahoritt. Stein som består hovudsakleg av dolomitt blir kalla for dolomittstein. Fjellmassivet Dolomittene har fått sitt namn frå mineralet, då det utgjer ein stor del av fjellmassen og gjev den den lyse fargen sin.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.