Magnesium er eit grunnstoff som er eit sølvkvitt, glinsande og mjukt metall. Magnesium er eit av dei lettaste metalla og er av stor praktisk nytte. Det er godt eigna til bruksgjenstandar i form av legeringar som har større mekanisk styrke enn reint metall. I konstruksjonar er magnesium det mest brukte metallet etter stål og aluminium.
Faktaboks
- Uttale
-
magnesium
- Etymologi
- av Magnesia, et område i Hellas
- Engelsk namn
- magnesium
- Atomsymbol
- Mg
- Atomnummer
- 12
- Relativ atommasse
- 24,3
- Smeltepunkt
- 649 °C
- Kokepunkt
- 1090 °C
- Massetettheit
- 1,738 g/cm³
- Elektronkonfigurasjon
- [Ne]3s²
I plantar finst magnesium i klorofyll. Det er magnesiumet som gjer at plantane kan fange energien frå sollyset og gjere han om til kjemisk energi. I fotosyntesen vert energien brukt for å omdanne karbondioksid og vatn til glukose og oksygen.
Magnesium er det andre grunnstoffet i gruppe 2 (jordalkalimetalla) i periodesystemet. I salt finnast magnesium i form av Mg2+-ion. Tre magnesiumsambindingar som har trivialnamn er epsomsalt (epsomitt), merskum og talkum.
Magnesiumsambindingar blir brukte i mange industrielle prosessar og produkt: framstilling av stål, sement, gjødselstoff, eldfast material og anna keramikk, glas, farmasøytiske produkt og måling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.