Karnivorer er kjøtetande dyr, altså dyr som et andre dyr. Karnivorar kan vera predatorar eller åtseletarar.
Ulv, kongeørn, torsk og krokodille er døme på karnivorar. Dyr som ikkje er karnivorar kan vera herbivorar (planteetarar) eller omnivorar (altetarar). Sjå også konsument.
Stundom vert ordet karnivor også nytta spesifikt om rovpattedyr av ordenen Carnivora.
Karnivorar har fysiske trekk som er tilpassa dietten. Kjøtetande pattedyr har til dømes velutvikla hjørnetenner, og generelt spissare tenner enn planteetande pattedyr. Dette er nyttig for å fanga dyr ved jakt, og gjer det mogleg for dei å riva opp kjøt i bitar som er små nok til å svelgjast. Rovfuglar har kraftige, spisse nebb av same grunnen, i tillegg til rovføter for å gripa byttedyr.
Kjøt er generelt enklare å fordøya enn planter, og karnivorar har difor kortare tarm og enklare fordøyingssystem enn herbivorar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.