Ein kristen er ein som vedkjenner seg til kristendomen.

Kristen er eit vanleg namn på ein som er tilhengjar av Jesus Kristus, det vil seie som tilhøyrer kristendomen.

Faktaboks

Etymologi
gresk khristianos, latin christianus

I Det nye testamentet dominerer andre nemningar. Ifylgje kapittel 11, vers 26 i Apostelgjerningane oppstod namnet «kristen» i Antiokia, der det vart brukt av andre om Jesu næraste tilhengjarar, disiplane. Nemninga var openbert ikkje polemisk, og vart teken i bruk av dei kristne sjølv, jamfør Apostelgjerningane (kapittel 26, vers 28) og Peter sitt fyrste brev (kapittel 4, vers 16).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg