Kåter er utvekstar på tre der vedfibrane er vridde og slyngde om kvarandre, slik at veden får ein svært hard og seig konsistens. Kåtene dannar ein vakker struktur, og blir difor ofte brukt til treskurd. Dei vakraste finst på bjørk og or, hos or særleg på røtene. Fruktlekamane av visse ròtesoppar som snyltar på tre (sjå kjuker og poresoppar), blir feilaktig kalla kåter.
Faktaboks
- Også kjend som
- kart, kuler, rirkuler
Tre tilhøyrer grunneigaren. Allemannsretten og friluftslova sine reglar om retten til hausting i naturen er avgrensa til å omfatte ville bær og blomar, og dessutan retten til å ta små mengder turt og dødt verke til leirbål og så vidare. Innsamling av bjørkenever, tapping av sevje, å skjere av kåter eller å ta røter frå friske tre treng grunneigaren sitt løyve.
Kommentarar (15)
skreiv Bonsak Hammeraas
svarte Halvor Aarnes
skreiv Bonsak Hammeraas
skreiv Bonsak Hammeraas
skreiv Bonsak Hammeraas
svarte Kjell-Olav Hovde
skreiv Tommy Reidar Andersen
svarte Halvor Aarnes
svarte Bonsak Hammeraas
svarte Halvor Aarnes
svarte Kjell-Olav Hovde
svarte Bonsak Hammeraas
svarte Halvor Aarnes
svarte Bonsak Hammeraas
svarte Kjell-Olav Hovde
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.