I den katolske perioden i Noreg, altså før reformasjonen, innleia oskeonsdag den såkalla langfasta, ei streng fastetid som varte heilt til påske. Dagane før oskeonsdag, fastelavn, var prega av feiring og fest. Frå og med oskeonsdagen vart det slutt på den laussleppte livsførselen og overetinga som kulminerte på fetetysdag dagen før. Maten på oskeonsdag skulle vitne om forsaking og måtehald. Inntil slutten av 1800-talet var det mange stader skikk at i alt ein åt denne dagen skulle det vere oske, til dømes ved at ein strødde oske på grauten eller i suppa.
I mellomalderen var oskeonsdag ein av kirkeårets store botsdagar. Dette kom også til uttrykk gjennom liturgien. Det vart hengt opp ein duk framfor alteret som vart hengande i heile fastetida. Alterskåp vart gjerne lukka og helgenbilete dekte til. Før messa vart oska innvigd medan det vart lese bønner.
På oskeonsdag møtte dei som skulle bøte for syndene sine i kyrkja med spesielle botklede og med oske i håret. Det vart kalla å kle seg «i sekk og oske». Uttrykket syner til ein gammal, opphavleg jødisk skikk for å uttrykkje sorg eller anger, som er omtalt i Bibelen. Etter kvart vart det nokon stader vanleg at presten teikna eit kors på panna til alle som var til stades ved gudstenesta.
I Danmark-Noreg førte reformasjonen på 1500-talet til at fasteplikta og dei ordinære fastetidene frå den katolske tida vart avskaffa. Ein meinte det var betre å førebu seg til påska ved å leggje vekt på forkynninga, ikkje fasteforskrifter. Likevel innebar ikkje dette ei omfattande endring av folks faste- og påskeskikkar. Ein måte å tilpasse seg situasjonen på, var å leggje oskeonsdag til den stille veka, altså til dagen før skjærtorsdag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.