Lærling på oljeplattform
Av /NTB.

Ein lærling er ein person som lærer i ei bedrift gjennom praktisk arbeid i eit yrkesfag.

Ifølgje opplæringslova vert ein lærling definert som nokon som har skrive opplæringskontrakt med målsetjing om å ta fagprøve eller svenneprøve. Lærlingar har som regel hatt to år på skule før dei gjennomfører to års opplæring i ei lærebedrift.

Ansvaret for opplæringa

Ei lærebedrift skal vere godkjent av fylkeskommunen, og ha éin eller fleire fagleg kvalifiserte personar som har ansvaret for opplæringa. Opplæringa skal skje i samråd med opplæringslova og tilhøyrande forskrift, og følgje læreplanen i det aktuelle fagområdet. Fylkeskommunen har det overordna ansvaret for den vidaregåande opplæringa, medan bedrifta har løns- og arbeidsgivaransvar. Lærebedrifter får tilskot frå fylkeskommunen for å ta på seg opplæringsansvaret.

Rettar som lærling

Ein lærling får løn under utdanninga. Denne skal vere klargjort i lærekontrakta. Det varierer kor mykje løn ein lærling får under opplæringa, men ein grunnmodell er at ein mottar eitt års løn som fagarbeidar over to år som lærling. Det er vanleg at løna til lærlingen aukar gjennom opplæringstida, etter kvart som ein blir betre rusta til å bidra i verdiskapinga i bedrifta.

Lærlingen har rett på tilpassa opplæring under læretida og dialog om eiga faglege og sosiale utvikling. Dersom lærlingen har krav på spesialundervisning, skal ein lage ein individuell opplæringsplan. Undervegsvurdering er eit viktig verktøy for at lærlingen skal utvikle dugleikane sine gjennom læretida.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Terje Svardal

Den eksterne lenka er roten.

http://https//www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-fag-og-yrkesopplaring/larlinger-larebedrifter-og-fagbrev/

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg