Global produksjon av linse, 1961-2021

Created with Highcharts 10.3.3tidspunkttusen19651970197519801985199019952000200520102015202002000400060008000
Kilde: FAOSTAT

Linser blir dyrka i mange ulike fargar og storleikar.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Linse er ein eittårig art i erteblomfamilien. Planten er 20–40 cm høg med bleikblå blomar og lysebrune belger med eitt eller to flate frø, linser. Det finst mange sortar med ulik farge: svarte, gule, grøne og raude. Linser har eit høgt proteininnhald og er ei viktig næringskjelde i område med tørt klima. Dei er også ei viktig proteinkjelde i eit vegatabilsk kosthald.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lens culinaris
Beskriven av
Friedrich Kasimir Medikus
Årleg global produksjon
5,6 millioner tonn (2021)

Canada er det største produsentlandet. Linsedyrking har også vore forsøkt i Noreg, og planten finst av og til forvilla ved møller. Linser har vore kjent heilt frå steinalderen, og det er nemnt i mellom anna gamle egyptiske og romerske skrifter og i Bibelen.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Fabales erteblomordenen, erteblomstordenen
Familie Fabaceae erteblomstfamilien, erteblomfamilien
Slekt Vicia vikkeslekta
Art Vicia lens linse

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lens culinaris
Tidlegare vitskapleg namn
Ervum lens L., Vicia lens (L.) Coss. & Germ., Lens esculenta Moench
Artsdatabanken-ID
101966
GBIF-ID
5350010