Døme på hovudformer og sideformer

Døme på hovudformer og sideformer i nynorsk. Hovudformer er mogleg og mogeleg (likestilte hovudformer); sideform er muleg. I det andre dømet er moglegheit og mogelegheit likestilte hovudformer, medan mugelegheit er sideform. I rettskrivingsreforma i 2012 vart mange av sideformene fjerna frå rettskrivinga og heile skiljet mellom hovudformer og sideformer oppheva.

Døme på hovudformer og sideformer
Av /Det Norske Samlaget.

Sideform eller klammeform var i norsk rettskriving skriveformer eller bøyingsformer som var oppførte i ordlistene, men som ikkje kunne brukast i godkjende lærebøker. Her måtte ein bruke hovudformer. Sideformer vart oppførte i ordlistene i skarpe klammer [ ], derfor vart dei òg kalla klammeformene.

Faktaboks

Også kjend som

klammeform

Sideform og hovudform

Ei sideform hadde ein annan status enn ei hovudform. Tanken med å innføre sideformer/klammeformer var at dei anten skulle representere ei mogleg framtidig fellesform for bokmål og nynorsk, eller dei framleis tillét bruk av former som språkplanleggjarane gjekk ut frå ville bli borte i seinare språkreformer. Sideformene inneheldt ofte òg fleire dialektvariantar.

Skiljet mellom sideformer og hovudformer oppstod med rettskrivingsreforma i 1938. Hovudformene skulle brukast i lærebøker og i statstenesta. Elevane kunne bruke sideformer i skriftlege arbeid. Ved kgl.res. 24. juli 1981 vart det fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta. Ordninga med sideformer vart oppheva i bokmål i 2005 og nynorsk i 2012.

Valfrie former og midlandsnormalen

Rettskrivingsreforma i 1917 skilde mellom obligatoriske og valfrie endringar i høve til den tidlegare rettskrivinga. Men tanken var at dei obligatoriske og dei valfrie formene i prinsippet skulle vere jamstilte.

I landsmålsrettskrivinga frå 1901 vart Hægstad-normalen gjord til offisiell norm, men elevar kunne bruke midlandsnormalen i skriftlege arbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967
  • Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen», i Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979
  • Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalene. En historisk oversikt», i Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978