Subjektiv er noko som tilhøyrer eller gjeld subjektet. Ordet tyder individuell, partisk. Det motsette ordet er objektiv.

Faktaboks

Uttale

subjektiv

Etymologi
fra senlatin subjectivus ‘som hører til subjektet’

I filosofien blir omgrepet brukt om det som er avhengig av subjektet. Subjektiv erkjenning er til dømes ei erkjenning av at omverda berre finst i høve til subjektet.

Meir allment blir omgrepet brukt om sterkt personleg og individuell forståing og vurdering, gjerne uavhengig av realitetar. Ei subjektiv meining om ei sak er såleis forma av personlege erfaringar heller enn av fakta.

Les meir i Store norske leksikon