Punktum i ulike skrifttypar

Punktum er eit skriftteikn (.), det mest grunnleggjande skiljeteiknet i skrift.

Faktaboks

Uttale

punktum

Punktum blir brukt i fleire samanhengar:

  • som markør for slutten av ei heil setning eller ei samanhengande utsegn
  • etter forkortingar (bortsett frå initialord, og dessutan forkortingar for mål, mynt og vekt)
  • etter ordenstal
  • i tidsuttrykk, til dømes kl. 8.10 (klokkeslett kan òg skrivast med kolon, til dømes 08:10)

Ein lèt ofte vere å bruke punktum i lister med oppramsingar, i bilettekstar og i overskrifter.

I nokre samanhengar brukar ein ellipse (…) for å markere at noko er utelate; denne liknar på tre punktum etter kvarandre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg