Rynkerose stammar opphavleg frå Japan og Kina, og vart innført til Europa like før 1800. Ho vart vanlegare som hageplante midt på 1800-talet. Ho er framleis ein av dei mest populære hagerosane våre, og har blitt planta langs samferdslenettet, i parkar og andre fellesareal, rundt kjøpesenter, industri- og andre næringsanlegg.
I Noreg vart ho rapportert forvilla fyrst i 1940-åra. Rynkerose er vanlegast i kyst- og fjordstrøk i Sør- og Midt-Noreg, men har spreidde førekomstar langs kysten til Finnmark. Rynkerose kan treffast på dei ytste, aude øyane så vel som inne i fjordane. Kystførekomstane kjem dels av spontan innvandring med havstraumar, dels spreiing og utkast frå plantningar, til dømes utplantningar for å stabilisere sandstrender på Sør-Vestlandet. Ho er registrert i innlandsstrøk på Austlandet og i Agder, der ho er spreidd frå hagar og anlegg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.