Tale eksisterer i utgangspunktet berre i taleaugneblinken, medan skriftbildet frysast fast over tid. At ein veit at utsegna blir verande, kan gjere at ein uttrykkjer seg annleis. Ein snakkar også langt fortare enn ein skriv, som gjer mindre tid til å planleggja språket. Det er derfor i tale vanleg å rette på setningane undervegs, ta pausar for å koma på det rette ordet og å avbryte seg sjølv midt i ei setning. Tidt brukar ein utrop og ufullstendige setningar. Typisk for talen er også fylluttrykk som «ikkje sant», «ser du» eller «liksom».
Ved å skifta trykket frå eit ord til eit anna, har den som talar høve til å skilje mellom ulike meiningar og tydingsnyansar på ein måte ein ikkje kan med skriftspråk. I og med at sendar og mottakar i tale normalt har augekontakt med kvarandre, kan ein bruka kroppsspråk og skiftande ansiktsuttrykk for å understreka eller nyansera det ein seier.
Talespråket har meir preg av nærleik, innleving og engasjement enn det ein finn i skriftspråket, som i høgare grad er merkt av avstand og distanse.
Det er likevel glidande overgangar mellom dei to uttrykksformene. Når til dømes ein økonom frå finansdepartementet legg fram ei sak, kan talespråket til vedkomande vera nokså skriftmålsprega. På den andre sida finst det språklege tekstar som prøver å nærma seg talemålet både i ordval og uttrykksmåte. Eksempel på dette er kåseri, essay, blogg og mange tekstmeldingar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.