Turkmensk er eit tyrkisk språk som blir talt av rundt 3 millionar i Turkmenistan, Iran og Afghanistan. Det høyrer til den sørvestlege gruppa av tyrkiske språk og står såleis Tyrkia-tyrkisk og aserbajdsjansk relativt nært.
Det er eit av dei få moderne tyrkiske språka som har bevart motsetnaden mellom lange og korte vokalar. Ein skreiv turkmensk med det arabiske alfabetet fram til 1927, då det vart erstatta av det latinske alfabetet, som igjen vart erstatta av det kyrilliske alfabetet frå 1940. I 1990-åra vart det vedteke å gå over til latinsk skrift igjen, noko som delvis er gjennomført.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.