Showing posts with label Av Doris Lessing. Show all posts
Showing posts with label Av Doris Lessing. Show all posts

Apr 15, 2009

Doris Lessing

The grass is singing
Perennial 1950
205 sider



Mi første bok i Litteraturas nobelprisvinnar-utfordring er The grass is singing av Dorris Lessing. Etter å ha lese denne boka lurer eg fælt på kvifor eg ikkje har lese Lessing tidlegare. Boka blei rett nok kjøpt inn for over eit år sidan, og har blitt liggande i skal-lese-stabelen min ganske lenge, men likevel - eg gleder meg allereide til å lese meir av denne dama.

I første kapittel bli Mary Turner drepen av tenaren Moses. Det neste kapitlet blir eit sprang tilbak i tid, og vi får høyre historia om Mary sin barndom, ungdom og voksne liv. Mary er ei sjølvstendig og urban kvinne som, etter å ha opplevd eit sosialt press mot det å vere singel, ender opp med å gifte seg med bonden Dick Turner. Ho flytter frå byen, kor ho trivst både med jobb og fritidsaktiviteter til ein gård på landet i Rhodesia. Ho mistrivst sterkt med livet på gården. Mannen Dick jobbar så godt som heile døgnet, utan å tene særleg mykje pengar. Mary blir nedtrykt, irritabel og etterkvart deprimert av dette livet på farmen.

Forteljarstemma i boka held ei distanse til karakterane og denne distansa smittar over på lesaren. Dette er eit effektivt grep, som gjer at Mary blir skildra som ein person med svært mange usympatiske trekk på ein truverdig måte. Eg merkar at eg som lesar blir irritert på henne, fordi ho ikkje tar litt meir ansvar. Ho mistrivst på farmen, men ho gjer ikkje noko med dette. Ho misliker ektemannen sin og klandrar han for si ulykke. Men ho forsøker ikkje å ta initiativ til å gjere situasjonen betre for seg sjølv.

Bøndene sitt forhold til the natives, som arbeidar for dei er rystande. Det var heilt sikkert slik forholdet mellom svart og kvit var under kolonitida, men det er likevel sterkt å lese om mennesker som blir behandla som dyr og som ikkje har rett til å snakke til dei dei arbeidar for. For meg som lever i Norge i år 2009 er dette ein uverkeleg tanke. The grass is singing gir eit innblikk i eit tankesett som er veldig fjernt frå mitt, og som eg opplever som svært brutalt.

The grass is singing er ei bok som gir meirsmak - og då er det jo godt at Lessing har skrive så mange bøker som ho har, så eg får anledning til å lese meir!