Viser innlegg med etiketten Insekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Insekt. Vis alle innlegg

mandag 21. juli 2014

SOMMARBILETE FRÅ HAGEN

Vi har hatt den flottaste og varmaste sommaren så lenge eg kan hugse.
Ikkje ofte ein må fram med vatnaren på desse kantar, men i år har den blitt flittig brukt.

Tida blir nytta til turar både i fjellet og til sjøs, men selvfølgelig også i hagen.

Veldig mange bilete er blitt tatt og no var det tid for å tøme kameraet.
Her kjem eit lite utval.


Nokre av Revebjellene står fortsatt med litt bløming.


Den mørkaste i hagen. Den er faktisk nesten svart. Stokkrose Black Nigra.


Ved drivhuset. Her ser vi litt av karmane med grønsaker.


Heldig samantreff med denne lilja. Passa perfekt i desse beda der eg har gylne og mørke fargar.


No kjem det bilete av forskjellige valmuer. Har sådd mange sortar i år.


Insekta er like begeistra som meg.


Tynne som silkepapir.


Har navna på dei.....men ikkje her eg sit no. Ute i sommarstova.


Kjempeknapp. Denne stauda sverma insekta for. Det er nesten kø for å få seg ein landingsplass.
Ein svevar som ravar med sine lyse knappar over dei andre plantene.


Rognespirea er også ei svært ettertrakta busk av alle slags insekt. Her er det Admiralen som kosar seg.


Trur humle og biebestanden har tatt seg kraftig opp igjen. Her er det eit yrande liv.
Humla nyt blomen på Alunrot.


Mitt romantiske hjørne er det fleire enn meg som likar. Vesle Ella likar å leike i fuglebadet som eg har støypt. Har måla lyse benken og bordet her. Dei var brune før.


I ei av krukkene veks Blodbegera.


Ikkje berre eg som er begeistra for dei kvite Alliumane. 
Kjekt å plukke blomar : )

Ha fortsatt ein fin sommar og nyt dagane.

Sommarhelsing frå

MarJE

torsdag 1. mai 2014

LITT FRÅ HAGEN.

Tenk Mai alt. No går dagane veldig fort, men ei nydelig tid som må nytast.
Her våkna vi til kvitt landskap i dag og temperaturen hadde vore minus 2 grader i natt.
Ser ut som plantene i hagen har takla fint overgangen frå fine varme dagar til sur kald nordavind. Virkelig " gufse " og utrivelig utever. Blir nok ei kald natt i vente også.
I drivhuset er det stappfullt og varmen måtte på igjen. 


Ellers har det skjedd mykje på hagefronten her.
Dammen har blitt plukka ned, forstørra max av det som det var duk til og bygd opp igjen. Litt fornya er den også blitt.
Ser ut som dei plantene som var i har overlevd vinteren og fleire er bestilt.
Skal vise den seinare.
Bed er blitt utvida og grønsaksbingane er snart klare. 

Det er nok sikkert slik at enkelte planter er tenkt ikkje skal passe i alle hagar. Men har eg bestemt meg for at eg vil ha ein sort så vil eg det : ) For andre året på rad sådde eg Solhatt igjen i fjord ( to sortar ). Dei vaks seg store og eg planta dei på tre forskjellige plassar. Ikkje livsteikn å sjå. Skulle berre ei inspeksjonsrunde ut i det kalde veret i dag då eg plutselig kom på at eg skulle prøve å grave opp der eg visste dei var planta. Merka godt når eg støtte på dei for røtene hadde blitt store. Når eg fekk dei opp hang det fullt med gulbrune makka ut av dei. Det var kjølemakk som hadde gjort store skader og nesten tatt livet av heile plantene. Spraya kvitløkvatn som eg har kokt opp på dei og då kom makkane krypande ut. No er røtene planta i krukker så får eg sjå om dei vil spire etterkvart. Ufyselege greier. Eg vendesnudde gjorda for å få vekk det eg såg men der er nok meir. Rart at det er mest Solhatten som er angrepen av dei. 
Las litt om det på nettet. Som åte skulle ein legge i jorda potetbitar fordi dei brukar å gå i potetene. Så grave opp med jevne mellomrom for å ta livet av dei som hadde komt i potetbitane. Potetbitane er komne på plass....så får eg berre passe på.

Så kjem det eit ras bilete frå hagen tatt sist helg når veret var nydelig.


Mine gode hjelparar som befrukta frukttrea. Her er mykje av både humler og bier.....heldigvis.
Til og med ein sommarfugl for her å svirra.


For første gong i min hage, endelig....... Blåveis.


Nærsynt plante Androsace pedemontana......har sådd den av frø frå Magnar Aspaker. Den er lita men blømer mykje. 


Mange sortar tulipanar er på veg.


Bergenia ny i min hage.
Har forresten veldig mykje nytt i hagen i år så eg gled meg til alt viser seg fram.


Japanske hengekirsebærtreet var på full fart før frosten kom. Dette er blitt eit velvokse tre.
Har fleire andre sortar som er nesten avblømde no.


To sortar Primula, tusenfryd, Phusoclainia orientalis også frø frå Magnar, to sortar Pulsatilla.. 


Narsissar, tulipan, bekkeblom og rutelilje.

Dette var eit lite hagegløtt hjå meg.

Ha ein fin Mai.

MarJE.

søndag 12. januar 2014

HELGEGLEDER # 50.

Tida og helga går rasande fort og med den blir dagane lysare og lengre.
Det kjennest heilt flott ut for eg gled meg til den årstida som kjem etter vinteren.

Sist Laurdag dumpa det eit kjekt stort brev ned i poatkassa. Frø frå Impecta.
Staudene vart sådde med ein gong og no er dei komne ut i kulden. Ja, for det vart kaldt no. I skrivande stund - 8 grader og ca ein cm snø. Litt i minste laget til å isolere plantane, men eg satsar på det ikkje blir langvarig kulde.

Ein av desse frøpakkane kjøpte eg av rein inspirasjon frå ein bloggar. Ho haustpynta og dekorerer så fint med desse lyktene som denne planta gir at eg vart heilt frista til å så den. Det er sjølvaste Vivi som arrangerer HELGEGLEDER for oss.


Physalis alkekengi / Japansk lykt ( biletet er lånt frå Impecta )
Håper frøa mine spirer.


Har sett ut ballongar med vatn til frysing. Må benytte sjansen no når det vart kaldt. 
Koselig med desse ballongislyktene som pyntar opp i hagen.


Litt vårlig blomster vart det pynta med til helga. Tulipanar og Primula.


Har kika litt på sommarbilete. Dette måtte eg berre vise......trur humla har ete seg så mett at ho tek middagsluren inn i Peonen.

Dette var helgegleder hjå meg som eg deler hjå Vivishagerom....

søndag 13. oktober 2013

HELGEGLEDER # 38

Ja, eg er treg med blogginga ser eg. Ei veke sida sist : )

Men, men..... i mellomtida har eg iallfall klart å kjøpe ein heil del nye plantar til hagen og så har eg støypt litt. Var faktisk tenkt å vise det i dag, men har ikkje somla meg til å tatt bilete ....kjem snart.
Kjempefornøgde trur eg at eg vart også : ) 

Vi har så nydeleg ver at det må benyttast til å gå i naturen.


Haustfargane har kome skikkeleg fram.
Ein vakker stad som eg har store problemer med å gå forbi. I dag gjekk eg forbi men måtte ta bilete.


Her kan ein bli sittande å berre drøyme seg vekk.


På veg inn i skogen.


Sjå det flotte mønsteret inne i trestubben.


Skogens arbeidarar. Eit utsnitt frå ei kjempediger maurtue......den var stoooor.


Skogbotnens spennande flora.


Dåkke har sett frå denne staden før her på bloggen min.
 Hovdevatnet ei perle på Sunnmøre.
" Ekje her fint vel ? "......som eg seier det på dialekta mi.

Dette var eit lite knippe frå turen min og følget mitt i dag som eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.

For første gong på bloggen har eg brukt mobilbilete i dag. 
Det var den som fekk vere med i lomma.

Eg er heilt, heilt overraska over alle fine ord som blir lagde igjen til meg på bloggen.
Tusen, tusen takk alle saman.

Varm haustklem frå

MarJE.


tirsdag 1. oktober 2013

SKOGENS PYNT.

Oktober starta med flott turver.
I dag vandra eg gjennom skogen til vatnet i nærleiken her eg bur.
Med mykje dogg i graset som følge av rå haustluft er det mykje fint å studere i skogen.
For ikkje å snakke om stemninga ved vatnet. Blikkstille og klart ver gir dei flottaste motiv.

Visst eg skulle ha med alt frå i dag hadde innlegget vorte uhorvelig langt.
Så det blir om kva augene mine såg gjennom skogen. 
Ved vatnet kjem neste gong.



Spindelvev med dogg.


Opphengt så elegant som små hengekøyer.


Flott arbeid med små doggdråpar på.


Greiner med lav og nokre få blad igjen.




Kjerringrokken såg ut som bustetroll der dei stod fulle med doggdråpar.


Fasinerande kunstverk - Kjerringrokk.


Soppen pyntar opp i skogbotnen.


Blåknapp.


Ein søylepytt med haustblad i forskjellige fargevalørar.


Augestikkaren landa like ved meg.


Framkoma til vatnet.

Fortsettelsen kjem i neste innlegg.

¤

Koselig at det er så mange som besøkjer meg på bloggen.
Takk til dåkke som tek dåkke tid til å legge igjen kommentarar med både spørsmål og gode råd.
Det sett eg pris på.
Til dåkke som stiller meg spørsmål skal eg gå inn på bloggen dåkka å svare der.

Ha ein fargerik haustkveld alle saman.

Klem frå MarJE.

søndag 15. september 2013

HELGEGLEDER - LITT AV KVART.

Litt helgegleder frå Hagen i svingen.

Mykje som skjer for tida så det har vorte lite med blogginga.


Men i hagen blømer det. Primula som eg kjøpte etter jul og planta ut i vår. Slik står den no.


Rosene er i full sving fortsatt New Down.


Mary Rose.


Navnlaus.


Lett blanding.
Dei mørke bak er Cosmos.




Cosmos - pyntekorg har blømd veldig godt i år.


Kongslys verbascum som har tatt ein pause på steinen.


Einaste løken av lilje som overlevde vinteren fordi den stod inne i garasja i krukke. Endelig spratt den ut. To blomar på den : )



Insekta likar den veldig godt.


Under hengekirsebær treet blømer georginene fortsatt.


Der i blant Dahlia Wittem. Ei georgine eg vil anbefale. Den kjem tidlig i bløming og den blømer rikt heile sommaren. Og ikkje minst nydelig i fargen. Dette er kun ein knoll eg kjøpte i fjord som vart delt til mange i år.


Kvit blanding.


Erteblomar.


Hellestøyping pågår til eit prosjekt. Det kjem eg tilbake til kva er. 
Eg er så heldig at han eg bur ilag med har tatt seg av støypinga denne gong : )


Så innekose prosjektet mitt. Dette er på kroken akkurat no. Går ufattelige mengder tråd til det. Men det blir varmt og godt.

Dette var mine helgegleder som eg vil dele hjå Vivishagerom og litt til.

Ha ei god og fin ny haust veke alle saman.

Frå MarJE.