På laurdag fann eg ein hentelapp på ein pakke frå Tara i posten. Har lurt fælt på kva dette kunne vere heile helga...og var glad når eg var ferdig på jobb i går...svisj i posten.
Opna smartkassa og såg denne pakken inni, det var det eg rakk før ferden gjekk vidare i eit selskap.
Vel heime kl. 19.00, kasta ungane seg over pakken.
"Kva er dette, Mamma? Kan vi få opne den?"
Det fekk dei lov til så kunne eg fotografere seansen.
Gledesorda hagla og auga vaks etterkvart som Pandoras øske openberte seg;9)
"Sjå Mamma så fint"
Kjølekapsmagnet med den herlege teksta og himmelsk sjokolade. Begge deler var mist i blinken til meg, for eg samlar på kjøleskapsmagnetar og kjøper på alle plassar vi er. Sjokolade...Kva kan eg sei...Addicted!!
Eg fekk og eit nydeleg bilde av skjønne, herlege Mikael som eg har blitt så uendeleg glad i sjølv om eg aldri har truffe/eller snakka med verken han eller Tara i RL. Men det er utruleg forunderleg kor knytta ein likevel kan bli til mennesker som ein har kontakt med gjennom cyberspace. Mikael og Tara: Det bildet skal det kjøpast ramme på, og bildet skal henge på bloggeplassen min:0)
Ungane lurte sjølvsagt fælt på kven som hadde sendt alt dette til meg, og eg svarte at det var ei bloggvenninne.
Då kom det kontant frå Rakel: "Mamma, du har verdens snillaste bloggvenninne"
Og kjære Tara....Det har ho HEILT rett i:0)
Eg er så rørt over at nokon kan sende ein så fantastisk pakke til meg/oss, og vi har allerede hovuda fulle av planar på korleis dette skal brukast!!
Set uendeleg stor pris på å ha funne dokke to i Blogglandia og eg håpar og at vi ein dag kan få anledning til å treffast på "orntli"
For dei som ikkje enno har vore innom Tara, så er det på tide...Ho har fleire flotte bloggar, og tek dei mest fantastiske bilder du kan tenke deg. Mikael har og ein eigen blogg som verkeleg er verdt eit besøk!!
Varm klem frå Line