Viser innlegg med etiketten Blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blomster. Vis alle innlegg

tirsdag 28. juli 2009

Aksjon mot regnværssjuka - fargeutfordring!

Anne på MOSEPLASSEN har dratt i gang "Aksjon mot regnverssjuka - fargeutfordring"...Og eg hiv meg med....For meir bedrøveleg juliver skal ein jammen leite lenge etter *sukk*

Eg velger meg GULT fordi den no minner meg om sola og den livgivande varmen den gir:0) Synest og at gule blomster høyrer med i hagen, og disse påfuglblomstrane er utruleg artige og blomstrar villig...

Desverre får vi ikkje sett så mykje til dei no i regnet, då dei treng sol for å falde seg ut:0(


Ser og mitt snitt til å vise fram dei praktfulle erteblomstane mine i same slengen...Den flotte fargekaskaden lyser verkeleg opp i hagen for tida, og dei har blitt utruleg høge og kraftige:0)

søndag 12. juli 2009

Frk Markblomst


Er ei stund sidan sist eg har vore med på Anne sine konkurransar no, men denne gangen hadde eg tid og anledning til å slenge meg med igjen:0)
Har tatt mykje bilder av bl.a markblomster i det siste, og eg har rett og slett store problem med å bestemme meg for kven eg skal velge...


Blomster små....
Frk Lysande poppa opp mellom graset og formeleg ropte at eg skulle kome å ta eit bilde av henne...
Ei lita stjerne mellom alt det grønne, og så vakker så vakker der ho står.


Gule, blå...
Frk Paddehatt er eit av mange innslag på plenen min for tida. Frå den eine dagen til den neste poppa desse frk med sine kavalerar opp og dekte heile plenen min med sitt kvite teppe....


Titter opp av marken nå...
Frk Attraktiv slit med å velge den beste kavaleren. På den eine sida har ho Herr Grønnskolling med sitt ivrige og nyfikne gemytt, men på den andre sida står den eldre og meir erfarne Herr Brun...


Vinker til Mamman min, for hun er så snill....
Frk Klamre sto så lita og unnseleg i sanden på badestranda...Men du å du så vakker ho var ved nærare ettersyn...
Klamrar seg fast på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu!!
Frk Klamre er no påmeldt i konkurransen:0)
For å delta, stemme eller sjå på dei andre deltakarane klikk HER

onsdag 3. juni 2009

Blomster til begjær;9)


Akk ja, så var det visst slutt på fineveret for denne gang....
I utgangspunktet var det meldt finare til helga, men i dag hadde dei snudd på flisa, og det er forventa surt og kaldt ver med mykje vind resten av veka:8

Sukk hjerte men brist ikkje seier eg berre....
Vi får vel berre leve med det og heller vie oss til innesyslar nokre dagar....

Eg for min del nyt synet av dei vakre rosene eg kom over på plantasjen på fredag!!

Dei stor formeleg og ropte mot meg, så dei måtte jo berre vere med heim, eller kva??

Dei mista ganske fort piffen, så eg klipte dei av og la dei i ei skål ilag med nokre telys. Tre av dei sette eg single i små telysglas....

I går på jobb "stjal" eg med meg nokre rhododendronkvistar heim;9)
Rhododendron har utruleg vakre blomster, og så duftar dei så godt....

Desverre står dei ikkje så lenge etter at dei kjem inn, så ein får nyte synet og dufta til fulle så lenge det er muleg:0)

Tidlegare i vår kjøpte eg nokre småvasar på Plantasjen, og dei har eg vore utruleg fornøgd med...

Må berre vise fram det flotte skiltet Fredrik har laga på sløyden....
Legg merke til teksta....

Nyt kvelden alle....

Stor klem Line

torsdag 21. mai 2009

Ein herleg dag!!


Fekk telefon frå Tone i dag tidleg om vi hadde nokon planar for dagen...
"Neei, ikkje noko spesielt, veit berre at Fredrik skal vere med Bestefaren til Vik for å sjå Onkel Ole Jørgen spele fotball!!"
"Vil dokke vere med på tur då?"
"Klart vi vil det"
Vart einige om å treffast klokka 13.00...

Vi køyrde opp til Allversstølane, og gjekk vidare derifrå!!
Måtte krysse elva med det same...Sidan det kan vere litt skummelt før ein er innkøyrd i turmodus, er det godt med ei støttande hand!! Men når ein er varme i trøya er det kjekkast å klare seg sjølv;9)

"Line, har du sett Rakel og Johannes?"
"Nei, det vart brått vekke...."
"Hmm, dei for så fort, dei er vel gjerne komne opp til vatnet alt"
"He he, ja det skal vi vel ikkje sjå vekk i frå...Det er ikkje noko lyd frå dei, og ikkje ser vi i ryggane heller..."
"Kviskrar: Her trur eg det er småvettar, vi får skunde oss forbi..."
Ikkje noko som er så kjekt som når dei vaksne er med på leiken;9)


Var litt maurtuer oppover, og det er utruleg fascinerande å studere aktiviteten...Iblanda ein dose skrekkblanda fryd, for tenk om dei kravlar over på oss!!












Ikkje noko som smakar så godt som friskt fjellvatn rett i frå elva....











Maten smakar utruleg godt i det fri!!
Spennande å utfordre og tøye grenser...
Det høyrer med til historien at det var vanskeleg å kome seg tørrskodd i land;9)
Utruleg spennande å studere froskeegg...Dei ville gjerne ha med seg froskeegg heim, men vi vart einige om at vi heller kunne reise oppatt til vatnet med jamne mellomrom for å studere utviklinga!!
Nydelig utsikt...
Fredrik hadde plukka blomster til meg på fotballbana i Vik og endå fleire når dei venta på ferga...Slikt smeltar eit Mammahjerte av sjølvsagt....Dermed kom dei raskt i vasar, og Fredrik bugna av stoltheit!! Den skjønne store, men ennå lille gutten min...
Det har vore ein god dag på alle måtar etter nokre tunge dagar...
I går var det begravelse, noko som var utruleg tøft, men samtidig gjorde det utruleg godt å vere tilstades....Livet går vidare, og Lene vert gøymd som ein dyrebar skatt i eit eige rom i hjartet mitt...

torsdag 16. april 2009

Våren er ikkje lenger i anmarsj... Den har gjort fullt inntog:0)

Den siste veka har vi hatt eit fantastsik ver, med sol frå skyfri himmel frå morgon til kveld:0)
Temperaturen har lege på behagelege 15 grader, og det er utruleg deilig å verte litt meir lettkledd....

Naturen er og på sitt beste no, og det spirar og gror over alt!! Bjørka har omt veldig langt, og så kan det vel gjerne diksuterast kor bra det er dersom det no slår inn ei kuldeperiode att..
Herlege vårteikn er det no ialle fall, og det er og ungar i trea;0)

Kastanjene som vi dekte til i fjor spirar...Hurra!! No skal dei få godgjere seg nokre veker til, og så skal dei plantast...Vi er veldig spente på om vi lykkast i å få til kanstanjetre...

Frøa som vi har tørka og ruga på heile vinteren er no komen i jord, og spirar forhåpentlegvis ganske snart...Dersom det vert suksess, så er vi i gang med hekk:0)

Stemor og erteblomster spirar og gror:0) No er dei prikla om, og sett på loftet!! Nye frø er på plass i minidrivhuset...
Har ikkje vorte så mykje blogging eller bloggbesøk sidan vi no er ute kvar ledige tid vi har....
I helga skal vi vekk, men reknar med å vere sterkare tilbake om litt:0)
Set stor pris på alle som er på besøk her, og ikkje minst alle som legg att ein kommentar!! Det som og er kjekt, er at nokon av dei som ikkje har eigne bloggar, no har begynt å legge att kommentarar...Det set eg stor pris på. så tusen takk!!
STOOR klem Line

søndag 5. april 2009

Glitrande diamantar!!

I dag har det regelrett regna trollkjerringar uavbrutt frå vi sto opp....
Men brått, som ved eit trylleslag, stoppa regnet, himmelen klarna og vi fekk endog eit glimt av sola:0)
Skulle ned i kjellaren med kle, då blomstrane på trappa fanga mi interesse, så vakre der dei sto med vasskruden sin....
Det ser jo mest ut som glitrande diamantar!!

Fort, fort, inn etter kamera....

Ei kosestund på trappa....Meg, kameraet, blomster og dråpar i fokus....
Nyt den friske lufta og angen etter regnskyllet....Deilig med stillheita!!

Du verden så gøy det er å leike seg, og ikkje minst når ein vert fornøgd med resultatet og:0)
P.S! Trykk på bilda for større versjon....

tirsdag 24. mars 2009

Vårfint på trappa...

Har vore ein snartur på plantasjen i dag....Hovedsakleg reiste vi bort fordi at Fredrik ville kjøpe seg ei kjøtetande plante, men utvalget var heller dårleg...Dei plantene som var inne var i dårleg forfatning og hadde ein uforholdsmessig høg pris!!
Men jammen var der mykje anna fint;0)

Kjøpte påskekaktus og kvite perleblomster....

Narcissar, påskeliljer, krokus og vårlyng fann og vegen ned i korga mi på uforklarleg vis, he he....
Planta i gamle gryter og sinkbaljen med ein gong eg kom heim, så no er det ein fryd å kome ut på trappa!!


Kan jo ikkje kome heim utan blomster til å ha inne...

Kjøpte ein bukett med roser. Gjekk på kvistjakt i hagen...
Så no står det gåsungar, bjørkekvist og roser i skjønn forening å prydar litt her og der innomhus:0) Småbilde nr 3 oppe: Desse blomstrane har no holdt seg like fine i fire veker...Veit ikkje kva dei heiter, men vakre er dei...

lørdag 14. februar 2009

God helg:0)

Måtte berre ein kjapp tur innom og ynskje alle saman ei riktig god helg med helgas bukett:0)

Var å henta Mamma på bussen i Førde kl 22.00 i går kveld, og det er sjølvsagt stor stas å ha Mormor på besøk....
I kveld skal ho vere barnevakt, for vi skal i 50årsdag til Hilde(kona til Svigerfar)!!
Skal bli kjekt å gå ut etter gammalt;9)

Siste veka har vore utruleg hektisk, så eg har ikkje rukke å vere innom hos så mange, men eg kjem sterkare tilbake etter helga!!
Kos dokke masse alle saman, det skal vi og gjer:9)
Varm klem LINE