Sommaren i år har vore eventyrleg. Varm og fin, og med avlingar godt over snittet. Slåtten har kome nesten overraskande fort på oss, sidan godt vêr og høge temperaturar har gjort at graset har skote fart.
Det kjekkaste med slåtten er at ungane synest det er så kjekt. Spesielt Marius. Han elskar å hjelpe til med alt slag, og han er både pådrivar og “bandsjef” (dvs at han står i løda og startar/stoppar transportbandet kvar gong Audun kjem med lass.)
Sjefen sjølv!
Eskild og Vetle var også med nokre lass. Dei har også hatt oppdrag oppe i skogen der dei rydda veg for gjerde.
Marius har alltid så lyst til å overraske oss, så plutseleg kan han berre forsvinne, og etter ei stund kjem han med niste som han har laga til til oss. Han huskar også kva vi likar best å ha på skivene, slik at alle får sitt “favoritt-pålegg”. Gode guten vår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar