Hopp til innhald

Middendorffbukta

Koordinatar: 75°50′N 92°30′E / 75.833°N 92.500°E / 75.833; 92.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. august 2009 kl. 09:16 av VolkovBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: et:Middendorffi laht)
Middendorffbukta med dei mange øyane.
Middendorffbukta ved Karahavet.

Middendorffbukta (russisk Залив Миддендорфа - Zaliv Middendorfa) er ei bukt på Tajmyrhalvøya i Russland. Ho ligg sørvest for Nordenskiöldøyane i Karahavet og er open mot vest. Bukta grenser til Zarajahalvøya i aust, kalla opp etter skipet til baron Eduard von Toll. På nordsida av bukta er det ei anna mindre bukt kalla Kolomeitsevabukta, kalla opp etter kaptein Nikolaj Kolomeitsev, som var kommandør på «Zaraja».

Middendorffbukta er omgjeve av forblåst tundra. Ho er full av småøyar og øygrupper, mellom anna Gavrilova, Sjrenøyane, Krusenternøyane og lenger ute i bukta Belukha og Prodolgovatij-øyane.

Klimaet i områder er hardt med lange og bitre vintrar og mange stormar. Bukta er islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er ikkje bukta fri for isflak.

Middendorffbukta og dei omliggande øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og heile området er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Historie

Bukta vart utforska av den russiske geologen baron Eduard von Toll på den siste reisa hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903. Ho er kalla opp etter Alexander Theodor von Middendorff, ein russisk zoolog, historikar og utforskar med baltisk-tysk opphav.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

75°50′N 92°30′E / 75.833°N 92.500°E / 75.833; 92.500