Osmussaar
Osmussaar | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar |
|
Areal | 4,69 km²
|
Administrasjon | |
Land | Estland |
Maakond | Lääne maakond
|
Osmussaar (svensk: Odensholm) er ei øy i Estland. Øya ligg 7,5 km utanfor fastlandet, og høyrer til Noarootsi kommune og Lääne fylke. Osmussaar har eit areal på 4,69 km². Øya er ikkje busett.
Osmussaar er kalla opp etter den norrøne guden Odin, som etter segnet skal ligge gravlagd på øya. Før den andre verdskrigen budde 130 menneske på øya, dei fleste av dei etniske svenskar. Då Sovjetunionen overtok øya og bygde marinebase der i 1940, vart alle innbyggjarane tvangsflytta til Vormsi. Øya var det siste området i Estland som vart overgjeve til tyskarane då dei okkuperte landet under den andre verdskrigen. Under den tyske okkupasjonen flytta svenskene tilbake, men dei måtte igjen forlate øya då den tyske okkupasjonen tok slutt.
I dag er Osmussaar naturvernområde.
Bakgrunnsstoff
- Reisebrev frå Osmussaar (engelsk)
- Fyret på Osmussaar (engelsk)