Alfred Kastler
Alfred Kastler | |||
Alfred Kastler | |||
Fødd | Frédéric Henri Alfred Kastler 3. mai 1902 Guebwiller i Alsace | ||
---|---|---|---|
Død | 7. januar 1984 (81 år) Bandol | ||
Nasjonalitet | Fransk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, lyrikar, universitetslærar, forskar | ||
Institusjonar | Faculté des sciences de Paris | ||
Alma mater | École normale supérieure Faculté des sciences de Paris | ||
Doktorgradsrettleiar | Pierre Daure | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1966) | ||
Barn | Claude Kastler, Daniel Kastler | ||
Medlem | Akademie der Wissenschaften der DDR Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det franske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Académie internationale d’histoire des sciences Det polske vitenskapsakademi Polish Physical Society Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten |
Alfred Kastler (3. mai 1902–7. januar 1984) var ein tysk-fødd fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1966 «for oppdaginga og utviklinga av optiske metodar for å studere Hertzian-resonans i atom», såkalla optisk pumping.
Etter å ha fullført studiane i 1926 byrja han å undervise i fysikk ved Lycée i Mulhouse før han seinare underviste ved Universitetet i Bordeaux der han var universitetsprofessor fram til 1941. Georges Bruhat bad han kome tilbake til École Normale Supérieure der han til slutt fekk ein plass i styret i 1952.
Kastler tilbrakte det meste av forskarkarrieren sin ved École Normale Supérieure i Paris der han saman med studenten sin Jean Brossel starta ei lita forskingsgruppe på spektroskopi etter andre verdskrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alfred Kastler» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.